Hopp til innhold

Sjå opplesinga av heile «Peer Gynt» her

Nå har du sjansen til å høyre ein redaktør som Peer Gynt og ein ordførar som Mor Åse.

Originalutgåve av Peer Gynt

Du har kanskje sett Peer Gynt som teater, men du har truleg aldri høyrt stykket bli lese opp. Nå har du sjansen til å sjå og høyre ei minst seks timar lang opplesing frå Skien bibliotek i straumen ovanfor.

Tysdag 14. november er det 150 år sidan «Peer Gynt» vart gjeven ut på Gyldendal forlag i København. I Ibsens heimby, Skien, slår dei på stortromma når verket skal feirast.

Dei skal framføre «Peer Gynt» slik verket eigentleg var skrive: som eit dramatisk dikt og ikkje eit teaterstykke.

Cecilie Lysell

IBSEN-BIBLIOTEKAR: Cecilie Lysell ved Skien bibliotek står bak ideen om ei opplesing av «Peer Gynt».

Foto: Lorentz Ivar Berg / NRK

Program:

13.00: Fyrste handling. Med Hedda Foss Five, Ove Mellingen, Emil Eriksrød, Erik Rastad, Anette Storli Andersen og Eli Haugland.

14.00: Andre handling. Med Skien videregående skole.

15.00: Tredje handling. Med arrangementsgruppa på Skien bibliotek.

Matservering

16.00: Fjerde handling. Med Anne Spånem, Kjersti Stordalen, Sissel Berit Hoell, representantar frå Ibsenforbundet, Magne Kvande, Ove Norschau, Kari Skipsted Olsen, Henrik Berg Larsen, Grete Gjelten og Guro Honningdal.

Matservering

18.00: Femte handling. Med Ola Otnes, Kasper Skovli Botnen, Mari Dahl Sæther og Marit Omland.

Flere nyheter fra NRK Vestfold og Telemark