Hopp til innhold

Her gjekk sabotørane: Sjå unike bilete

RJUKAN (NRK):I dag opnar Norsk Industriarbeidermuseum tungtvasskjellaren. No får du sjå ny unik video og bilete inne frå kjellaren der sabotørane sprengte utstyret som produserte tungtvatn i 1943.

Se de første bildene

SJÅ VIDEO: Runar Lia i Norsk Industriarbeidermuseum og arkeolog Sindre Arnkværn ønskjer velkommen ned i tungtvannskjelleren. (Foto: Lars Tore Endresen)

Norsk Industriarbeidermuseum legg i dag ut nye bilete frå utgravinga av tungvasskjellaren på Vemork.

Tungtvasskjellaren blei avdekka den 5. oktober i år.

– Nå kan vi sjå inn i kjellaren! Det er beskjeden som blei gitt frå utførande arkeolog Sindre Arnkværn i Telemark fylkeskommune.

Kjellaren viser seg å vere intakt. No er arbeidet med dokumentasjon og sikring av kjellaren gjennomført. I dag er media invitert til eit besøk i den historiske kjellaren.

Tungtvannskjelleren. Her sprengte de for 75 år siden

Her i dette rommet kom sabotørene inn for å sprenge tungtvasskjellaren.

Foto: Thomasz Wacko/NIA

Stor interesse for krigshistoria

NRK serien «Kampen om Tungtvannet» har skapt meir fokus og interesse for den spennande krigshistoria knytta til aksjonane mot tungtvassproduksjonen under andre verdenskrig.

Serien har blitt vist i fleire land, og reiselivet i Rjukan og Tinn opplever stor pågang frå turistar.

Fr tungvannskjelleren på Vemork

Det er mykje som fortsatt er intakt inne i kjellaren. Her ser vi ein del av det som fortsatt står igjen.

Foto: Thomasz Wacko/NIA

Målet for prosjektet er at Hydrogenfabrikken skal bli eit unikt kulturminne som Norsk Industriarbeidermuseum skal bruke i sitt arbeide med å formidle krigs- og industrihistorie til dagens og framtidas generasjonar.

Direktør i Norsk Industriarbeidermuseum, Runar Lia, seier målgruppa er både lokalt, nasjonalt og internasjonalt publikum. Målet er å gjere restar av fabrikken synleg gjennom ei industriarkeologisk utgraving.

– Vi vil få fram i lyset restane av kjellarrommet som var målet for sabotørane i 1943, det vil seie tungtvasskjellaren. Vi opplever også at sjølve utgravinga er ein attraksjon, som blir brukt i marknadsføringa av prosjektet, med tydelig adresse Rjukan og Telemark, seier Lia.

Inne i tungtvannskjelleren

Det er sprengt hol i taket på kjellaren, og noko av taket er borte.

Foto: Thomasz Wacko/NIA

Vil etablere eit museumsbygg

Etter fullført utgraving og sikring skal det blir etablert eit museumsbygg over dei bygningselementa som er gravd fram.

– Det skal sikre og ta vare på kulturminnet, og skape eit areal for utstilling og formidling, seier Lia.

Hydrogenfabrikken på Vemork sto ferdig i 1929, og var eit viktig element i industrieventyret som tok til på Rjukan og Notodden på starten av 1900-tallet.

Norsk Hydro si etablering står fram som det best bevarte eksempelet i Norge på den andre industrielle revolusjon, der ein brukte elektrisk kraft for industriproduksjon.

– Dette bidro til å forandre Norge og til å skape eit moderne velferdssamfunn, seier Lia.