Hopp til innhold

Gravefeil isolerte heile bygda – ledningen fikset

Siljan kommune mista både internett og mobildekning måndag. Mobildekningen er nå tilbake og internett skal vere tilbake i løpet av kort tid.

Kabelbrudd, gravearbeider ved Brekkeparken i Skien

FIBERKABEL: Det var i dette området ved Brekkeparken utafor Skien sentrum at fiberkabelen blei kutta. Det fekk store konsekvensar i nabokommunen Siljan.

Foto: Lars Tore Endresen / Lars Tore Endresen

Kommunen har vore heilt utan tenester frå Telenor sidan klokka åtte mandag morgon. Også mobilnettet frå andre leverandørar er råka i det same området.

Årsaka til brotet er at ein fiberkabel nær Telenors sentral i Skien blei skadd i samband med gravearbeid. Telenor har nå fått skjøtet kabelen og Siljan har fått tilbake mobildekningen. Internett vil komme tilbake i løpet av kvelden. Telenor frykta at det skulle ta veldig lang tid.

– Siljan vil truleg ikkje få igjen telefon- og internettdekninga før i natt, sa dekningsdirektør i Telenor, Bjørn Amundsen til NRK ved 15.30-tida i dag.

Klokka 17 såg det lysare ut, og Amundsen meiner no dekninga vil kome tilbake før klokka 20 i kveld.

ISOLERT: Siljan har ikkje internett eller mobildekning.

Må møte opp fysisk

For å halde kontakt med omverda har kommunen stasjonert to medarbeidarar på alarmsentralen i Skien. Folk som ringer legekontoret, heimesjukepleia eller teknisk etat blir kopla vidare dit.

Innbyggarane kan møte på Siljan legekontor for akutt hjelp. Brann, helse og politi har ressursar i området.

Kommunen forsikrar at legekontoret vil vere ope så lenge nettet er nede.

– Der har dei satellittelefonar som dei kan bruke til å ta kontakt med naudetatane, seier informasjonsmedarbeidar Ingrid Eikeland.

Naudetatane har halde seg i området i dag, og ein ambulanse er stasjonert i Siljan.

Ambulanse utenfor legekontoret i Siljan

Legekontoret har ope så lenge mobilnettet i Siljan er nede. Ein ambulanse er stasjonert der.

Foto: Anne Lognvik / NRK

Flere nyheter fra NRK Vestfold og Telemark