Hopp til innhold

Sikta for valdtekt av asylsøkar

Ein 21 år gammal asylsøkjar er sikta for å ha valdteke ein kvinneleg asylsøkjar som budde på Mannheimen Asylmottak på Rjukan i Tinn kommune.

Mannheimen asylmottak, Rjukan
Foto: Johannes W. Rasmussen

Den sikta blei pågripen same natta som valdtekten skjedde. Han er også asylsøkjar og budde på Mannheimen.

Les: Asylsøker voldtatt på mottak

Politiinspektør Lill Kristin Nilsen seier at det blei tatt prøver av kvinna som påstår at ho blei utsett for overgrep, og desse prøvene ventar dei resultatet av innan kort tid.

Innrømmer ikkje straffskuld

Den sikta blei vurdert fengsla, men han fekk i staden besøksforbod på asylmottaket og forbod mot å oppsøke den fornærma kvinna.

Den fornærma kvinna, som også er 21 år, blei innlagt på Rjukan Sjukehus den natta overgrepet skjedde og politiet fekk slik sikra biologiske spor.

Sikta innrømmer ikkje straffskuld.

Politiadvokat Nilsen seier dette er ei svært alvorleg sak som er under full etterforsking.

Banka opp og brutalt valdteken

Den 20 år gamle kvinna frå Rwanda har fortalt til politiet at ho blei sperra inne på rommet sitt av ein irakisk mann, som banka ho opp og valdtok ho i to timar.

Overgrepet skal ha skjedd natt til søndag 27. juli.

Ingen av dei tilsette var på jobb då overgrepet skal ha skjedd. Det er ikkje helgebemanning hjå mottaket.

Verken UDI eller Tinn kommune vil ta sjølvkritikk etter hendinga på asylmottaket i Telemark.