Hopp til innhold

Lyg om høgde og vekt i fornøyelsesparkar: – Det kan vere farleg

Foreldre prøver å snike barna inn på attraksjonar dei eigentleg ikkje har lov til å ta. Det er gode grunnar til at reglane skal overhaldast, svarer parksjef.

En badevakt sjekker at en av gjestene er høy nok til å ta attraksjonen i Bø Sommarland.

SJEKKAR HØYDEN: Iver Semb Vestgarden sjekkar at ein av badegjestene er høg nok til å ta attraksjonen i Bø Sommarland.

Foto: Robert Hansen / NRK

SJEKKAR HØYDEN: Iver Semb Vestgarden sjekkar at ein av badegjestene er høg nok til å ta attraksjonen i Bø Sommarland.

Foto: Robert Hansen / NRK

Det er sommaridyll i skandinavias største vasspark, Bø Sommarland.

Badeparken ligg 5 kilometer frå Bø sentrum, og rundt to timar med bil frå hovudstaden.

Gjestene plaskar rundt i dei mange vassattraksjonane i solskinet, men ikkje alt er berre fryd og gammen.

– Foreldre som lyg på vekt, høgde og alder skjer dagleg, så vi må passe på rundt alle attraksjonane vi har i parken, seier sommarvikar og områdeleiar Iver Semb Vestgarden.

Iver Semb Vestgarden er sommervikar og områdeleder i Bø Sommarland.

Iver Semb Vestgarden har sommerjobb i Bø Sommarland.

Foto: Stian Wåsjø Simonsen / NRK

Iver Semb Vestgarden har sommerjobb i Bø Sommarland.

Foto: Stian Wåsjø Simonsen / NRK

Ifølge Vestgarden er det småbarnsforeldra som er verst.

– Dei pushar gjerne på sånn at ungen skal få lov til å ta dei fleste attraksjonane, sjølv om dei ikkje innfrir krava.

Har du loge om vekt, høgde eller alder i fornøyelsesparken?🙄

Kjenner igjen problemet

I Noregs største fornøyelsespark, Tusenfryd har dei 6 høgdekrav mellom 95 og 140 cm på enkelte attraksjonar og aktivitetar.

Krava er at barna skal vere enten 95 eller 140 centimeter, men det er ikkje alle foreldre einige i.

– Vi har opplevd at foreldre meiner barna er høgare enn det dei blir målte til hos oss. Nokre foreldre argumenterer med at dei har målt barna heime eller på helsestasjonen, og påstår at dei er høgare enn dei er, seier marknadssjef Erik Røhne Andersen.

Erik Røhne Andersen, markedssjef i Tusenfryd

Erik Røhne Andersen er marknadssjef på Tusenfryd.

Foto: TUSENFRYD

Erik Røhne Andersen er marknadssjef på Tusenfryd.

Foto: TUSENFRYD

– Synest du det er respektlaust?

Det blir jo som å bryte fartsgrensene, fordi du ikkje trur det er farleg. Det er nokre foreldre som argumenterer hardare enn andre, og i dei verste tilfella synest eg det er respektlaust.

Han seier dei er strenge og ikkje firar på reglane i det heile.

Tusenfryd

Tusenfryd er Noregs største underhaldningspark.

Foto: Berit Roald / NTB

Tusenfryd er Noregs største underhaldningspark.

Foto: Berit Roald / NTB

– Skulle hatt tjukkare solar

NRK har også vore i kontakt med Dyreparken i Kristiansand, Kongeparken i Stavanger og Hunderfossen Eventyrpark på Lillehammer.

Stort sett respekterer gjestene aldersgrenser og høgdereglar, erfarer marknads- og kommunikasjonsdirektør i Dyreparken, Anniken Bjørnstad Schjøtt.

Les også Fleire stenger ned berg-og-dalbaner etter dødsulukke

Berg-og-dalbane i farta.

Men i Kongeparken har divisjonsleiar Glenn Andre Bøe opplevd litt av kvart sidan han starta der i 2008.

– Allereie den gongen var det nokon som argumenterte med at dei burde hatt litt tjukkare sole på skoa til barna, så vi har opplevd ein viss kreativitet, seier han.

I Dyreparken må alle velge innpasseringstidspunkt. Det er for å spre antall besøkende, og for å unngå kø.

I Dyreparken i Kristiansand respekterer dei fleste gjestene reglane for attraksjonane.

Foto: Håkon Raa / NRK

I Dyreparken i Kristiansand respekterer dei fleste gjestene reglane for attraksjonane.

Foto: Håkon Raa / NRK

I Hunderfossen Eventyrpark er det berre høgde som tel. Marknadssjef Kenneth Nordahl Pedersen seier at det er alltid nokre foreldre som prøver seg på høgda.

– Det er alltid nokon som berre manglar ein liten centimeter, men vi er strenge. Vi firar ikkje ein tomme på reglane, og sikkerheit er heilt sentralt.

Ørnen i Kongeparken

Dette er attraksjonen Ørnen i Kongeparken i Stavanger.

Foto: Kongeparken

Dette er attraksjonen Ørnen i Kongeparken i Stavanger.

Foto: Kongeparken

Burde sette opp trøystebu

Foreldre som ikkje viser forståing for at parkane set grenser for høgde- og vekt bør få eit eige tilbod, meiner Christian Dahl.

– Da får dei sette opp ei trøystebu kor dei kan trøyste seg. Det er det beste eg kan foreslå. Vi tar jo ingen risiko med ungane våre.

Han er på besøk i Bø Sommarland med sonen Leander (10) og kameraten Viktor (10) og har lite forståing for at foreldre kranglar om reglane.

Det same meiner barna.

– Det kan jo også vere litt farleg. Du kan jo dette ut av sklia og få skadar og sånn.

Christian Dahl sammen med sønnen Viktor og kameraten hans Leander i Bø Sommarland.

Familien Dahl og kameraten Leander koser seg i Bø Sommarland.

Foto: Robert Hansen / NRK

Familien Dahl og kameraten Leander koser seg i Bø Sommarland.

Foto: Robert Hansen / NRK

Nettopp derfor er parkane så strenge viss du er 1,18 høg, og manglar berre 2 centimeter for å ta ei sklie, forklarer marknadskoordinator Siri Aardalen.

– Det kan vere farleg. Vi må følge dei restriksjonane vi er pålagde. Om det skulle skje noko med deg som er under 1.20 er det vårt ansvar. I verste fall er konsekvensen at vi må stenge parken, seier ho.

Siri Aardalen er markedskoordinator i Bø Sommarland.

Siri Aardalen er marknadskoordinator i Bø Sommarland.

Foto: Robert Hansen / NRK

Siri Aardalen er marknadskoordinator i Bø Sommarland.

Foto: Robert Hansen / NRK

Er det så farleg å lyge om alder, høgde og vekt i fornøyelsesparkar? Si di meining i kommentarfeltet under:

Flere nyheter fra NRK Vestfold og Telemark

Beverøya camping

Flommen tilsvarte rødt nivå – ingen varslet om styrtregnet