Hopp til innhold

Desse vil bygge tunnelen Århus-Gvammen

Seks entreprenørar ønskjer å bygge den nye tunnelen på E134 mellom Gvammen og Århus i Telemark.

Trude Holter

Prosjektleiar Trude Holter opna tilboda saman med hovudbyggeleiar Trond Øygarden i dag. Seks entreprenørar ønskjer å bygge den nesten 10 km/t lange tunnelen mellom Gvammen og Århus i Telemark.

Foto: Tor Arvid A.Gundersen, Statens vegvesen

Tilboda varierer mellom vel ein milliard til i overkant av 1,3 milliardar kroner.

Les også:

Fristen for å levere inn tilbod gjekk ut klokka 12 i dag, ein time seinare blei tilboda opna på Statens vegvesen Region sør sitt hovudkontor i Arendal.

Den fysiske opninga blei gjort av prosjektleiar Trude Holter sjølv i samarbeid med hovudbyggeleiar Trond Øygarden. Fire av dei seks tilbydarane var til stades under opninga.

– Vi er svært godt nøgd med at vi har fått inn seks ulike tilbod til denne kontrakten, seier prosjektleiar Trude Holter.

Her er lista

Dei ulike tilboda er slik, lista er i den orden tilboda har kome inn:

1. AF Gruppen AS 1 293 429 846,-
2. NCC Construction AS 1 017 133 250,35
3. OSSA 1 143 618 056,97
4. Marti Norge AS 1 216 600 984,96,-
5. Veidekke entreprenør AS 1 212 679 002,-
6. Leonhard Nilsen & Sønner 1 319 687 049,66