Hopp til innhold

Seier truleg ja til ny periode

Både ordførar og varaordførar i Kviteseid seier truleg ja til ein ny periode i kommunepolitikken.

Torstein Tveito

Torstein Tveito har tre periodar som ordførar i Kviteseid, og har blitt spurt om han stiller på nytt.

Foto: Ken Willy Wilhelmsen / NRK

Dei regjerande politiske veteranane i Kviteseid seier truleg ja til å fortsette i fire nye år etter neste års kommuneval.

Posisjonen, som består av Senterpartiet, Høyre og Kristelig Folkeparti, har da styrt Kviteseid i 12 år.

Les også: Liten interesse for snøskuterløyper i Telemark

Sp-ordførar Torstein Tveito bekreftar at nominasjonskomiteen har tatt kontakt.

– Eg har blitt spurt. Men eg har svara at eg vil vente til litt ut på hausten, før eg gir eit klart svar, seier Tveito.

Har bestemt seg

Mens Torstein Tveito er noko avventande, er varaordførar Gunnar Ruud frå Høgre heilt klar.

Tarjei Gjelstad

Tarjei Gjelstad er ordførarkandidat for Arbeidarpartiet.

Foto: Privat

– Eg kjem til å svare ja til å stille på nytt. Det er mange ting som skal skje, så det blir ein spennande periode å bli med på, seier Ruud.

Tredje mann på laget, Olav Mosdøl frå KrF, har ikkje bestemt seg for om han skal gå for ein fjerde periode i lokalpolitikken.

Ap vil ha ordførarvervet

På den andre sida har vi Arbeidarpartiet og Venstre med til saman 9 av dei 21 representantane i kommunestyret.

Ap-leiar Heidi Åmot tar seg ein pause i politikken.

Morgedølen Tarjei Gjelstad har sagt ja til vervet som ordførarkandidat, og målet er eit politisk skifte i kommunen.

– No har det vore 12 år med same ordføraren, så vi har lyst til å gjere nokre endringar, seier Gjelstad.

Les også: Ljospære erstattar OL-elden i Morgedal