Satsar på kreftbehandling på bygda – reisevegen til pasientane halverast

TOKKE (NRK): Ikkje alt flyttast frå bygd til by. No får kreftpasientar i fleire kommunar mykje kortare reiseveg når dei skal på behandling. – Følast trygt og godt, seier kreftsjuke Tone Straume.

Tone Straume får kreftbehandling på Tokke helsesenter på Dalen i Telemark

Tone Straume (t.v.) er den første pasienten som får desentralisert kreftbehandling på Tokke helsesenter. Her med kreftsjukepleiarane Berit Hegg Bråstøyl og Silje Merete Breivik.

Foto: Bo Lilledal Andersen

I den vesle tettstaden Dalen i Tokke i Telemark har dei bygd opp ein liten, men avansert kreftavdeling.

Dei to sjukepleiarane på avdelinga skal framover gje cellegift, blodoverføring og styrkande behandling til pasientane som kjem dit.

Kreftforeininga er imponert.

– Eg vil seie at dette er eit unikt tilbod. Vi har kome langt når eit mindre helsesenter i Bygde-Noreg tilbyr avansert kreftbehandling, seier Trine Hveem, distriktssjef i Kreftforeininga Vestfold og Telemark.

Trine Hveem

Trine Hveem i Kreftforeininga hyller det nye behandlingstilbodet i Vest-Telemark.

Foto: Kreftforeningen

Hveem seier at foreininga sentralt no vil jobbe for at fleire sjukehus og kommunar i Noreg skal tilby det same.

– Desentralisert kreftbehandling er veldig positivt for pasientane, og vi ønsker at det skal bli utvikla vidare. Det vil vi vere ein pådrivar for.

– Trygt og godt

Tone Straume var den første kreftpasienten på Tokke helsesenter.

– Det følast trygt og godt å vere her. Eg kjenner på ein takknemlegheit overfor den lokale kreftsjukepleiaren som tok initiativ til dette.

Straume fekk kreft for første gong for 17 år sidan, men blei frisk.

I fjor kom brystkreften tilbake.

Tidlegare har ho køyrd i to timar frå Kviteseid til behandling i Skien, men no brukar ho under ein time.

– Eg var ikkje i tvil om å takke «ja» da eg fekk dette tilbodet. Det er veldig greitt å sleppe og køyre så langt, for det er ein tilleggsbelastning.

Tone Straume og Berit Hegg Bråstøyl

Med brystkreft og spreiing til skjelettet må Tone Straume ha styrkande tilleggsbehandling for skjelettet.

Foto: Bo Lilledal Andersen / NRK

Fire timar på det verste

Tilbodet som Tone Straume og fleire no får, er et samarbeid mellom Sjukehuset Telemark og kommunane Tokke og Vinje.

Pasientar i seks telemarkskommunar får tilbodet.

Kreftmedisinane blir styrt av legane ved Sjukehuset Telemark i Skien og sendt til Dalen kvar veke.

På det verste har kreftpasientar i Vest-Telemark hatt ein reisetid på fire timar for å kome seg til sjukehuset som tilbyr behandlinga dei treng.

No blir reisetida halvert for mange.

Ingen nasjonal oversikt

Verken Kreftforeininga eller Helsedirektoratet sit med oversikta over kor i landet det blir tilbydd desentralisert kreftbehandling i dag.

– Vi veit at dei har vore gode på det i Nord-Norge på grunn av dei store avstandane. Utover det veit vi ikkje så mykje, men det skal vi gjere noko med, seier Trine Hveem i Kreftforeningen Vestfold og Telemark.

– Bør fleire sjukehus tilby dette?

– Ja, absolutt. I desse koronatider er det også eit poeng med kortare reiseveg for å unngå smittespreiing.

Helsedirektoratet skriv i ein e-post til NRK at dei ikkje anbefaler ein type organisering framfor ein annan.

«Vi er kjend med ulike lokale tilpassingar. Det høyrast fint ut slik dei har organisert tilbodet ved Sjukehuset Telemark sjølv om det kan tenkast andre måtar å organisere tilbodet på andre stader».