Hopp til innhold

Saknar tilbod etter korona: – Eg vart altså så innmari sjuk

Kim Bøhm sakna betre oppfølging frå helsevesenet då han låg heime med korona i fleire veker. Det finst heldigvis hjelp, også for pasientar i same situasjon som han.

Kim Bøhm

TØFFE MÅNADER: – Ingen kan sjå på deg at du er så dårleg som du er, fortel Kim Bøhm.

Foto: Lars Tore Endresen / NRK

48-åringen var ein spreking. Han sykla gjerne turar på opptil ti mil.

Så kom 11. desember i fjor, dagen då Bøhm vart smitta med korona etter eit besøk på ein restaurant i Porsgrunn sentrum.

– Eg vart altså så innmari sjuk, hugsar han.

Mista all energi

Vi er halvvegs i mars, og møter han i eit treningsstudio.

Tre månader etter at han vart smitta er Porsgrunns-mannen framleis sjukmeldt, men har bestemt seg for å teste ergometersykkelen for første gong i år.

Klarer han ei mil på ein halvtime?

Etter eit drygt minutt er han utsliten.

– Eg beklagar.

Kim Bøhm

Kim Bøhm slit framleis etter sjukdommen han vart smitta med i desember.

Foto: Lars Tore Endresen / NRK

Det har vore tøffe veker og månader.

Dagane han kom seg opp av senga, måtte han halde til i sofaen.

Han er framleis i elendig form.

Bøhm er glad for at han trass alt overlevde sjukdommen, men etterlyser betre oppfølging av folk som har lege sjuke heime hos seg sjølv.

– Det var ingen som visste korleis eg hadde det. Ingen kan sjå på deg at du er så dårleg som du er.

Han er framleis sjukmeld, og strevar med dårleg allmenntilstand. Det er han ikkje åleine om.

60 prosent av dei som har blitt sjuke av korona slit nemleg med etterverknader.

Det viser ein fersk studie som mellom anna Universitetet i Bergen står bak, først omtala av TV 2.

Lys i tunnelen

Det finst heldigvis hjelp å få.

Som eitt av få sjukehus har Kysthospitalet i Stavern eit tilbod på dagtid for dei som ikkje har vore innlagt. Det opplyser overlege Tom Farmen Nerli.

Hospitalet, som er ein del av Sjukehuset i Vestfold, tilbyr ein poliklinisk konsultasjon, der pasientane får hjelp til å sjå på vegen vidare.

Tom Farmen Nerli, Kysthospitalet i Stavern

Tom Farmen Nerli, overlege ved Kysthospitalet i Stavern.

Foto: Lars Tore Endresen / NRK

– Dei har utruleg mange spørsmål, og er veldig usikre. I dag blir symptoma deira tolka i lys av at vi har ein global pandemi med mange skumle overskrifter om langvarige plager.

Kysthospitalet har berre hatt 20 slike pasientar så langt på dagtilbodet, sjølv om det i utgangspunktet er tilgjengeleg for alle med rekvisisjon frå fastlege.

Det er ikkje mange?

– Nei. Det er få. Og det er berre med fastlegane i Vestfold vi har fått til det. Men det har kome fleire den siste tida, så det har vore ein treig start.

Farmen Nerli trur at fastlegane ikkje har fått med seg dei nye retningslinene frå Helsedirektoratet.

Der er det eit grunnlag for å vise pasientar vidare til spesialisthelsetenesta.

– Treng fastlegane hjelp til å handtere pasientar som har hatt covid-19, så må dei bruke oss. Vi har kapasitet, og vi har god kunnskap om dette, seier han.