Hopp til innhold

Sakna kvinne funnen død i Skienselva

Ei kvinne er funnen død i Skienselva. Kvinna blei funnen etter søk med ein miniubåt.

Søk etter savnet kvinne i Skien

Her blir det søkt med miniubåt etter kvinne som blei meldt sakna laurdag morgon etter at ho falt i vatnet frå ein båt.

Foto: Berit Heggholmen / NRK

Operasjonsleiar Jan Kristian Johnsrud stadfester at kvinna blei funnen av leitemannskap i 16-tida tysdag ettermiddag.

Det var laurdag morgon at ei 53 år gamal trebarnsmor falt i vatnet då ho gjekk i land frå ein båt. Politiet opplyser at dei pårørande er varsla.

– Kvinna blei funnen av leitemannskapet i Skienselva 1100 meter frå der ho falt i vatnet, seier Johnsrud til NRK.

Vitne ringde politiet

Den omkomne kvinna skal ha falt i vatnet ved Langbrygga i Skien i 06-tida laurdag 11. august.

Det var eit vitne som ringde politiet og melde frå om at han såg ei kvinne falle i vatnet då ho skulle forlate ein båt.

Politi og brannvesen var raskt på staden, og brannvesenet starta med å søke etter kvinna med båt.

Søk etter sakna kvinne i Skien

Det blei søkt i området ved Langbryggene i Skien, men etter kvart blei søkeområdet utvida i elva.

Foto: Berit Heggholmen / NRK

Mange deltok i søket

Politiet hadde alt på laurdag ei meining om kven den sakna kvinna va, men ville gå ut med nærare opplysningar på det tidspunktet.

– Vi er ikkje hundre prosent sikre på kven ho er ennå, sa operasjonsleiar i Sørøst politidistrikt, Marianne Mørch til NRK laurdag.

Det blei søkt etter kvinna heile laurdag ettermiddag utan å finne kvinna i hamnebassenget i Skien. Store mannskapet frå politi, brannvesen og Røde Kors deltok i søket etter kvinna.

Skien og Bamble Røde Kors deltok med dykkarar og Porsgrunn Røde Kors med ein båt. Eit redningshelikopter frå Rygge deltok også i søket etter den sakna kvinna som no er stadfesta omkomen.