Hopp til innhold

Rømmer ikkje frå sunn mat

Det er ei myte at elevane rømmer til næraste bensinstasjon om dei får servert sunn og god mat i kantina på skulen.

Elever Hjalmar Johansen vidergående

Elise Grue og Helene Marie Lensebakken set pris på variert og sunn mat i skolekantina på Klosterskogen.

Foto: Ragnar Lurås / NRK

Det viser resultatet av eit pilotprosjekt med sunn mat i skolekantina ved Hjalmar Johansen videregående skole i Skien.

Hjalmar Johansen vidergående skole i Skien har to skolekantiner. Den eine er ved avdelinga ved Klosterskogen og den andre ved avdelinga på Skien fritidspark.

Kantina ved Klosterskogen har vore ei av ni kantiner i Telemark, som er med i det nasjonale kantineprosjektet for sunn mat. Utgangspunktet var at «alle seier at ungdom ikkje likar fisk».

Viktig med variert meny

Torjus Rønningsland, lærling

Torjus Rønningsland.

Foto: Ragnar Lurås / NRK

Elise Grue og Helene Marie Lensebakken likar at det er så variert mat i skolekantina.

– Eg likar best taco, pizza og lasagne. Men i dag hadde eg lyst på salat, seier Grue.

Menyen er plassert på veggen i kantina og her kan elevane lese kva som står på menyen for heile veka.

– Eg likar at vi kan få vere med og bestemme kva mat vi skal ha i kantina og kome innspel til kva kokken skal lage for oss, seier Lensebakken.

Torjus Rønningsland er lærling og skal ta teorifaga denne våren. Han synest det er godt med laksewok.

– Det var det dei hadde til varmrett i dag, og det såg veldig godt ut, seier han.

Milos Petrovic likar med rundstykke med skinke og ost.

– Det er veldig bra mat, og så er det ikkje så dyrt eigentleg, seier han.

Likar trendy mat

Milos Petrovic

Milos Petrovic.

Foto: Ragnar Lurås / NRK

Den opplyste sanninga var at blir det laga sunn mat i skolekantina, så rømmer elevane til næraste gatekjøkken eller bensinstasjon for å kjøpe fastfood.

Men etter evalueringa av pilotprosjektet viser dette seg ikkje å stemme. Ei masteroppgåve samanliknar Klosterskogen si sunne kantine med Fritidsparken si vanlege kantine.

Oppgåva viser at når kokken serverer wraps, fiskeburgere og annan sunn god mat, så er dette så gode og trendy matrettar at elevane kjøper dette.

Faktisk så godt at elevar går frå Fritidsparken til Klosterskogen for å få sunn og god mat.

(Artikkelen held fram under bilete)

Darwin Køhler, kokk Hjalmar Johansen

Kokk, Darwin Køhler, ved Klosterskogen videregående i Skien lagar laksewok frå grunnen som varmrett til lunsj i skolekantina.

Foto: Ragnar Lurås / NRK

Sel ikkje bensin og brus

Darwin Køhler er tilsett som kokk i kantina og han likar å lage all mat frå grunnen av. Dagen startar med frukost frå halv åtte til ni med vanleg frukostpålegg, eggerøre og røykelaks.

Til lunsj blir det servert påsmurde baguetter med laks, reker, ost og skinke. Den varme retten i dag er sesambakt laksewok. Men det blir også servert varme karbonadar, pølser og fiskeburger.

– Da kan elevane velje. Grove pizzasnurrar er veldig populært, seier Køhler.

I kjøledisken finst det mangosmoothie, fruktbeger og mocca iskaffi. Men brus finst ikkje i denne kantina.

– Vi sel heller ikkje bensin. Hadde vi gjort det hadde vi også selt brus, fortel eg til elevane når dei spør. Og då sluttar dei å mase om det, seier Køhler.

(Artikkelen held fram under bilete)

Eli Auråen og Jorunn B. Westhrin

Rektor Eli Auråen og prosjektleiar Jorunn Borge Westhrin.

Foto: Ragnar Lurås / NRK

God mat og hyggelege prisar

Rektor Eli Auråen seier skolen ønskjer å ha ein sunn profil og lære elevane eit sunt kosthald, fordi det har mykje å seie for læring.

– Her er det grovt, grønt og sunt. Ingen av dei varene vi sel har meir enn fem prosent sukker. Mykje er heimelaga frå botnen av, seier Auråen.

Skolen forsøker å halde ein god prisprofil på maten i kantina, og tilbakemeldinga frå elevane er at maten klarar seg godt i konkurransen med maten på bensinstasjonen og gatekjøkken.

Terje Riis-Johansen

Fylkesordførar Terje Riis-Johansen.

Foto: Petter Melsom

– Her er det fullt når elevane har pausar, og dei kjøper mykje god mat, seier Auråen.

Handelslekkasjen til bensinstasjonar og matbutikkar i nærleiken er liten, og rektor meiner suksessfaktoren er;

– God mat, hyggelege prisar og eit kantinepersonell som bryr seg om elevane og er ein del av skolemiljøet.

Mykje grovt og grønt

Prosjektleiar for pilotprosjektet for sunn mat i Telemark fylkeskommune, Jorunn Borge Westhrin, seier det er viktig å lage rettar som ungdomen likar, som er populære og bruke sunne råvarer.

– Det har vi gjort med lakseburger og laksewrap som ungdom likar, seier Borge Westhrin.

Men det er ikkje berre fisk som er sunne matrettar i kantina på Klosterskogen vidaregåande skole.

– Her er det mykje grovt, mykje grønt og lite sukker og feitt, og det er heilt i tråd med nasjonale retningslinjer for kosthald, seier ho.

Ei nasjonal undersøking i den vidaregåande skolen viser at elevane får for mykje bollar og brus, og for lite grovt og grønt og fisk.

– Denne kantina er eit godt døme på at det går an å drive ei sunn skolekantine, seier Borge Westhrin.

Fylkestinget vil ha sunne kantiner

Fylkesordførar Terje Riis-Johansen seier at sunne kantiner er både skoleeigar og den enkelte skole sitt ansvar

Alle dei vidaregåande skolane i Telemark skal ha sunne kantiner innan ein tre års periode. Dette inneber at dei følger nasjonale retningslinjer for skolemåltidet, og ikkje serverer sukkerhaldig mat og drikke, seier Riis-Johansen.

Han meiner vedtaket i siste Telemark fylkesting var tydeleg på at fylkeskommunen tar eit større ansvar for meir enn sunne skolekantiner.

Laksewrap

Wraps med laksefilet.

Foto: Trine Tollefsen

Wraps med laksefilet

(Kantinesprell 30 porsjoner)

Ingredienser
2 beger Kesam original
á 300 g
1 beger Philadelphia ost
naturell à 400 g (12 % fett)
1 - 2 ss Chili & Mango spice
(Santa Maria) e.l.
Evt. litt karri
4 ss frysetørret gressløk
½ ts hvit pepper
1 ts salt, gjerne Seltin
30 laksefileter
Litt salt
Litt pepper
3 - 4 mango, delt i svært
små terninger
2 - 3 chili, finhakket
2 lime, revet skall + saften
Evt. litt salt, gjerne Seltin
30 store fullkornswraps
(40 cm)
2 kg ferdig kuttet
isbergsalat

Tilberedning
Bland Kesam og Philadelphia ost sammen med alt krydderet i en bolle og rør godt sammen. Stek laksefiletene i ovn med litt salt og pepper, ca 15 min ved 180°C. Steketiden varierer fra vanlig stekeovn til kombidampovn. Laksen kan trekkes i kjele hvis stekeovn ikke er tilgjengelig.
Skrell og finhakk mango. Rens chilien (ta ut frøene) og finhakk. Bland mango, chili, revet limeskall og limesaft til en salsa. Smak evt. til med litt salt. Legg 30 store wraps direkte på wrapspapir. Smør Kesam/Philadelphiablandingen på wrapsene. Fordel isbergsalaten utover. Legg 1 lakse filet oppå isbergsalaten til hver wrap. Ha litt mangosalsa på laksen. Lag en brettekant bak på wrapsen, brett over og rull stramt sammen. Del i to.

TIPS!
Her kan det varieres med alle typer salat, råkost og grønnsaker etter tilgang. Unngå grønnsaker som avgir mye væske dersom wrapsene skal ligge lenge (for eksempel skivet tomat og agurk). Ovnsstekte potetbåter kan serveres til. Dette øker både opplevelsen av måltidet og avansen. Bruk gjerne mangodeler. Kjøpes billig i matvarebutikk og gjør jobben lettere!

Fiskeburger

Fisekburger.

Foto: Malene Vågset Møller

Fiskeburger

(Kantinesprell 30 porsjoner)

Ingredienser
30 grove fiskekaker (minst
60% andel fisk)
eller 3 kg fiskefarse av
hyse
30 grove burgerbrød
1 kg ferdig kuttet
isbergsalat
1 kg wokblanding
300 gr sweet chili sauce
1 agurk i skiver
3 store tomater i skiver

Tilberedning
Varm fiskekakene i langpanne eller i kombidamper på 180°C i ca 10 min. Brukes det fiskefarse: Stek helst fiskekakene dagen
før. Legg grove burgerbrød på et brett, bare bunnene. Legg på isbergsalat. Rør sammen wokblandingen og sweet chili saus i en bolle og fordel blandingen på toppen av isbergsalaten. Fiskekaker legges på og pyntes med agurk og tomat. Legg på toppen av burgerbrødet. Servér gjerne stekte båtpoteter til denne retten.

TIPS!
Som wokblanding bruk f.eks. kinesisk grøntmix fra Bama. Den har blanding av hodekål, gulrot, stangselleri, rødkål, purre, rød paprika og kålrot. Som burgerbrød burk f.eks. Hattings Hamburgerbrød Grovt á 90g.