Røe Isaksen trekker seg
Torbjørn Røe Isaksen stiller ikkje til attval som stortingskandidat for Telemark Høgre. Den 37 år gamle statsråden seier til TA at han ynskjer å skaffe seg erfaring frå andre deler av samfunnslivet. Isaksen held fram som statsråd så lenge statsminister Erna Solberg ynskjer det.