Hopp til innhold

Tidlegare OL-roar meiner båtfolk gir blaffen i dei på sjøen

Sverre Norberg er oppgitt over farlege situasjonar på sjøen, og meiner kulturen til båtfolket har endra seg.

Sverre Norberg er oppgitt over dei nye båtførarane på vatnet.

HJELPER IKKJE Å SEI IFRÅ: Tidlegare roar, Sverre Norberg opplever den nye generasjonen båtførarar som lite omsynsfulle.

Foto: Privat

Horten Roklubb skaffa Noreg flest internasjonale medaljar i roing på 2000-talet, og i førre veke fekk Kjetil Borch OL-sølv i singelsculler. 

Men treningskvardagen til roarane opplevast direkte farleg.

– Ein tek ikkje lengre omsyn til kvarandre på vatnet. Motorbåtar tek ikkje omsyn, dei tenker berre på seg sjølve, seier den tidlegare olympiske roaren, Sverre Norberg oppgitt.

Ny generasjon båtførarar

På grunn av pandemien har fleire ferdast på sjøen dei siste to åra. Kulturen til båtfolket har endra seg, meiner Norberg.

Ein ny generasjon som ikkje er vane med å ta omsyn, meiner han.

Korleis veit du at det er dei nye båtførarane som ikkje tek omsyn?

– Eg trur ikkje dei som har vore forsiktige på sjøen før, endrar haldning over natta. I tillegg har det blitt meir av vasskuterar og små rib-båtar, som brukast som leiketøy på vatnet.

Norberg fortel om små motorbåtar som køyrer slalåm mellom bøylane til robanen i Indre Hamn i Horten. Han har også sett båtførarar som har køyrer midt i banen.

Det er skilta, men det hjelper ikkje sei ifrå, seier han.

– Då svarar dei berre: kan ikkje de ro ein annan plass?

Roar Ole Christian Nord Pettersen

UROVEKKANDE MØTE: Ole Christian Nord Pettersen i Horten Roklubb rodde i Indre Hamn i Horten. Midt i robanen, som var merka med bøyer, oppdaga han ein motorbåt. Rett etterpå trefte motorbåten riggaren til robåten og motorbåten stakk berre vidare.

Foto: privat

Måtte slengje seg over til sida

Ole Christian Nord Pettersen i Horten Roklubb, hadde eit skremmande møte med ein motorbåt tidlegare i sommar.

– Eg ropte og skreik til dei som sat i båten. Det var to vaksne menn, men eg fekk ingen reaksjon.

Han som sat på baugen såg litt skremt ut då han såg at dei kom til å kollidere med meg, fortel Pettersen.

Riggen til roar knakk etter påkøyrsel

RIGGAREN KNAKK: Pettersen er ein erfaren roar. Han har rodd i området sidan 1980-talet og har teke mange eit åretak i Indre hamn. Denne gongen kunne det gått riktig gale. Riggaren til båten knakk, men han kom seg inn til land att.

Foto: privat

– Eg høyrde motorduren omtrent rett i nakken. Då rakk eg ikkje anna enn å slengje meg over til sida. Det gjekk bra, men eg blei innmari redd.

Motorbåten køyrde berre vidare.

Inne på området er det ei grense på fem knop.

Men det er fri fart, for ingen tar omsyn til det, supplerer Norberg:

– Dei køyrer i den farta dei vil. Det seier seg sjølv at dette er livsfarleg for roarar. Det er berre flaks at det gjekk bra med Ole Christian og at han ikkje blei skada.

Truleg ei utfordring fleire stader

President i Noregs Roforbund, Hans-Jørgen Arvesen seier ut ifrå eigne erfaringar, at dette truleg er ei utfordring fleire stader der det er saltvatn og mykje båtar.

– Det er ofte mange båtar som ikkje tek omsyn. Det er ganske gjennomgåande.

Men han trur ikkje det er meininga.

– Det er nok ikkje med vond vilje, men eg trur ikkje dei skjønnar at dei må ta omsyn.

Ser behov for endringar på båtførarbevis

Tal frå NorBoats viser 15 prosent auke på nye båteigarar det siste året.

Kongeleg Norsk Båtforbund (KNBF) er Noregs største landsdekkande interesseorganisasjon for fritidsbåtbrukarar. Dei merkar stor auke på personlege medlemmer det siste året.

Med over éin million fritidsbåtar i Noreg, må ein nok innsjå at det finst mindre kompetente og uansvarlege båtførarar, slik det er i biltrafikken, fortel generalsekretær i Kongeleg Norsk Båtforbund, Stig Hvide Smith.

Stig Hvide Smith

MANGE PÅ VATNET: Generalsekretær i KNBF, Stig Hvide Smith merkar at salet av vasskuterar og båtar har auka mykje dei to siste sesongane.

Foto: KNBF

– Me observerer at dei fleste båtførarar viser varsemd og fornuft, men må beklage for at det finst førarar utan forstand og fornuft, seier Smith.

Forbundet oppfordrar alle til å ta omsyn til mjuke trafikantar på vatnet og ser eit behov for at båtførarar må ta ein praktisk utsjekk før ein tildelast båtførarbeviset. Ikkje berre ein munnleg eksamen.

– I dag kan ein få båtførarbevis utan å ha sette ein fot om bord i ein båt, avsluttar Smith.