I løpet av tre år skal 12.000 jernbanesviller bli skifta ut på Rjukanbanen mellom Mæl og Rjukan. Dei første blir skifta ut nå i desse dagar.
Eivind Tollefsjord, Thomas Moen og Gordon Marjonovic jobbar for norsk jernbanedrift, og snart kan dei første toga gå på museumsjernbanen.
– Vi skal bytte ut 1200 sviller nå i første omgang. Det er mykje arbeid og mange skruar, seier Tollefsjord.
Jernbanesvillene er behandla med kreosot, og skal halde i 100 år til når arbeidet er ferdig.
– Fordi jernbanestrekninga er verna, må vi gjere arbeidet på same måte som det blei gjort for hundre år sidan, seier Marjanovic.
Arbeidet med å bytte ut dei første svillene skal vere ferdig til 22. juni.
Får køyre turisttrafikk i sommar
Avdelingsleiar Einar Gabrielsen ved Norsk Industriarbeidermuseum på Rjukan. Han har ansvaret for jernbaneferjene på Tinnsjøen og Rjukanbanen.
– Vi har fått lov av Jernbanetilsynet til å køyre passasjertrafikk på Rjukanbanen.
Dei første togturane på museumsjernbanen kjem i gang i starten av juli. Då blir det sett opp tog til dei båtturane som skal vere med jernbaneferja Storegut på tysdagar og fredagar.
– Vi har alt nå fått bestillingar, og alt 17. juni kan vi starte opp med å køyre tog, seier Gabrielsen.
Togsettet vil køyre i 30 kilometer i timen, og guidar vil fortelje om gamle stasjonar og andre ting du kan sjå langs den gamle jernbanelinja.
Framleis manglar det ei strekning mellom Tinnoset og Notodden på andre sida av Tinnsjøen.
– Den skulle vi gjerne hatt i drift. For vi har jernbanemateriell ståande på andre sida som vi gjerne skulle hatt til Rjukan. Det er nokre gamle passasjervogner som har gått på Rjukanbanen tidlegare, seier Gabrielsen.