Hopp til innhold

Rjukan kan miste akuttmottaket

Leiinga ved Sjukehuset Telemark vurderer å legge ned akuttmottaket ved Rjukan sjukehus.

Rjukan sykehus

Det mest radikale framlegget frå sjukehusleiinga er å legge ned akuttmottaket ved sjukehuset på Rjukan.

Foto: Rune Guneriussen

Dette kom fram på eit orienteringsmøte sjukehusleiinga heldt for dei tilsette i ettermiddag.

I møtet la leiinga fram tre alternativ. Det mest radikale framlegget inneber mellom anna at akuttmottaket på Rjukan blir nedlagt.

Les også:

Vil flytte oppgåver mellom sjukehus

Hovudtanken i alternativa er å samle oppgåver som krev spesialistar og dyrt utstyr ved sjukehuset i Skien. Samstundes vurderer sjukehuset å flytte enklare oppgåver frå Skien og ut i distrikta.

Avgjersle i mars

Sjukehuset skal no arbeide vidare med framlegg. Deretter blir saka blir sendt på høyring. Det endelege vedtaket om korleis Sjukehuset Telemark skal organisere seg blir gjort i mars, i fylgje sjukehusleiinga.

Helse Sør-Aust har pålagt Sjukehuset Telemark å spare 200 millionar kroner dei to næraste åra.

Flere nyheter fra NRK Vestfold og Telemark