Kvart år får Havforskingsinstituttet inn meldingar om personar som har observert at klørne til levande krabbar blir rivne av. Krabbene blir deretter sloppe ut i havet igjen.
Handlingane fører til ein langsam død.
– Dei fleste vil døy. Ikkje med ein gong, men i løpet av ei vekes tid. Og dei som overlever, er slått ut av konkurransen om mat og partnarar. Det er berre frustrerande å tenkje på, seier Gro van der Meeren, forskar ved Havforskingsinstituttet.
Ho opplyser at dei ikkje fører nokon statistikk på talet på meldingar om dette, men seier ho har inntrykk av at det er eit utbreidd problem. Forskaren legg til at dei får flest slike meldingar om privatfiskarar.
Gro van der Meeren er forskar ved Havforskingsinstituttet. Ho meiner det er dyreplageri å rive av klørne på levande skaldyr.
Foto: Havforskningsinstituttet– Eit brot på dyrevelferdslova
Ifølgje van der Meeren er årsaka til problemet at folk heller vil ete berre klørne enn innmaten i krabbene.
– Det er viktig å presisere at dette er rein tortur, seier van der Meeren.
Problemet er òg kjent for Mattilsynet. Dei er tydelege på at praksisen er uakseptabel.
– Denne praksisen er ulovleg, og eit brot på dyrevelferdslova. Ein utset krabba for langvarig liding om ein gjer dette, seier Friede Andersen i Mattilsynet.
– Viss vi avdekkjer at nokon framleis riv klørne av krabbane trass i tydeleg informasjon, er å melde det til politiet eit alternativ. I første omgang er det uansett viktig for oss at vi får ut kunnskap, slik at både privatpersonar og yrkesfiskarar forstår at dei ikkje skal rive klørne av levande krabbar, legg ho til.
Friede Andersen er seksjonssjef for fiskehelse og fiskevelferd ved Mattilsynet. Ho seier at det er ulovleg å rive av klørne på levande dyr.
Foto: Valentina Baisotti / NRKNokon gonger kan ein vere uheldig og setje krabber fast i garnet. Sjølv ikkje då skal ein rive i dei.
Mattilsynet opplyser om at ein i staden skal kutte i garnet for å få laus krabbene utan å skade dei.
– Dette har eg gjort mange gonger sjølv, og det fungerer heilt fint. Det viktige er at krabbene skal vere uskadde, og då er det betre å klippe i garnet og heller ordne det igjen. Og det er fullt mogleg, seier Friede Andersen.
– IKKE RIV DEM UT: Krabbene setter seg ofte fast i garnet. Rådet fra Mattilsynet er å klippe opp garnet for å få ut krabben, ikke rive dem ut.
Foto: Skjærgårdstjenesten– Forferdeleg å gjere
På Klokkerholmen feriekoloni i Porsgrunn er det fleire ivrige barn som fiskar etter krabber.
Barna er opptekne av at krabbene skal ha det bra. Dei legg sand og tang i bøtta. Etter ein times tid blir dagens fangst sleppt ut i sjøen igjen.
FISKER KRABBER: Barna på Klokkerholmen feriekoloni synest det er gøy å fiske krabber.
Foto: Anniken Sanna / NRKBarna på Klokkerholmen synest ikkje noko om at krabber får klørne rivne av.
– Det er veldig dumt. Det kan jo gjere veldig vondt, seier Frida.
Lotta seier seg samd.
– Det er veldig ille. Det er heilt forferdeleg å gjere, seier ho.