Slåstkampen som blei fanga på video skjedde under ein fotballkamp mellom Tollnes og Herkules.
Det var måndag kveld at slåstkampen braut ut mellom dei to laga. Både spelarar og tilskodarar deltok i slagmålet som tok til mot slutten av kampen.
– Eg har aldri sett noko sånt på ein fotballbane før. Det var kaos, seier Audun Thorsen som er dagleg leiar i Tollnes ballklubb.
Tollnes har varsla Noregs Fotballforbund om hendinga. Dei har også meldt saka til politiet.
– Me ventar at det kjem sanksjonar frå fotballkretsen, seier Thorsen.
Audun Thorsen er dagleg leiar i Tollnes ballklubb.
Foto: Lars Tore Endresen / NRKRisikerer streng straff
I varselet til NFF skriv Tollnes ballklubb at ein spelar på laget til Herkules sparka ein Tollnes-spelar i ansiktet. Ifølgje varselet utløyste denne situasjonen slagsmålet.
Leiinga i Tollnes viser til videoen som bevis. Videoen blei først publisert av Telemarksavisa.
Ein av dei blir no etterforska av politiet. Politiet meiner det også er grunnlag for å sikte fleire ungdommar.
– Me skal ha fleire personar inn til avhøyr etter å ha sett videoen, seier Tor Ragnar Steffensen som er seksjonsleiar i politiet i Grenland.
Steffensen opplyser at valdsepisodar som dette kan straffast med fengsel. Saka er også skjerpande fordi valden skjedde i eit offentleg rom framfor tilskodarar.
– Dette er ei stygg valdssak som også skjer framfor barn. Sånt skal ikkje skje på ein fotballbane, seier Steffensen.
Tor Ragnar Steffensen er seksjonsleiar for førebyggjande eining i politiet i Grenland.
Foto: Lars Tore Endresen / NRKBeklagar valden
Noregs fotballforbund har også sett videoen. Dei trur det er meir vald på norske fotballbanar enn det som blir rapportert.
– Me har nulltoleranse for vald i fotballen. Slike episodar slår me sjølvsagt hardt ned på, seier Rasmus Semmerud i NFF.
Forbundet byrja i 2019 å kartlegge uønskte hendingar i norsk fotball. Dei har laga eit nytt varslingssystem for klubbane. Så langt i år er det meldt inn 89 saker til NFF.
– Ei valdssak i fotballen er ei sak for mykje seier Semmerud.
Fotballklubben Herkules har utestengt spelaren som er meldt til politiet. Om det kjem ytterlegare konsekvensar for spelarane i klubben vil bli diskutert i styret.
Herkules vil også sjå kva som kjem ut av etterforskinga til politiet.
– På vegner av dei spelarane som gjekk over streken, så ønsker eg å beklage til Tollnes ballklubb, seier Adrian Lillefjære som er nestleiar i Herkules fotball.
Adrian Lillefjære er nestleiar i Herkules Fotball.
Foto: Lars Tore Endresen / NRK