Rekordstort mållagsmøte
220 personar er påmeldt til landsmøtet i Noregs Mållag i Vinje i helga. Det er det høgste talet på 30 år, melder Noregs Mållag. Kunnskapsminister Jan Tore Sanner held hovudtalen. Landsmøtet vil og markere 200 års jubileet for Aasmund Olavsson Vinje.