Hopp til innhold

Rekordhøge straumprisar – bekymra for minstepensjonistane

Det er ekstremt høge straumprisar fleire stadar i landet i dag. Fleire er bekymra for konsekvensane det vil ha for dei med låg inntekt.

Kraftgaten gjennom Nordmarka, nord for Ullevålseter

AUKA PRISER: Straumlinjene fraktar mykje straum til nordmenn som fryser i kuda.

Foto: Sissel Riibe

Gry-Anette Rekanes Amundsen som er folkevald for Framstegspartiet i Nome kommune har sendt eit signal til Midt-Telemark Energi om å vurdere å senke nettleiga så lenge kuldeperioden varar. Ho oppfordrar til dugnad over heile landet.

– Det betyr at alle må yte litt og da tenkjer eg at også straumselskapa som går med millionar i overskot, kan vere med å ta litt av kostnaden som det er å vere med på ein dugnad, seier Rekanes Amundsen.

I tillegg er ho er bekymra for minstepensjonistane.

– Eg er redd for minstepensjonistane som sit og sparar på straumen og pakkar seg inn i pledd for å sleppe å fryse, i staden for å bruke straum, fordi dei er redde for å ikkje kunne betale.

Gry Anette Rekanes Amundsen

BEKYMRA: Frp-politikar Gry Anette Rekanes Amundsen.

Foto: Roald Marker / NRK

Høgaste pris nokon gong i Bergen

Prisen i Oslo er den høgste sidan 22. februar i 2010, ifølge Jan Foyn hos Nord Pool.

Det er likevel den høgaste områdeprisen og timeprisen nokon gong for prisområdet Bergen, ifølgje magasinet Europower.

Andreas Billington, leiar for energidisponering og handel i Skagerak Kraft seier det har vore dyre straumprisar i heile år, men akkurat i dag er det nokre timar som det er veldig høge straumprisar.

– I den dyraste timen mellom klokka 09 og 10 var det ekstremt høge prisar i Bergen og Oslo der det var 2,45 kroner per kilowatt.

Billington fortel det ikkje er unormalt at prisane ligg på 0,3 til 0,5 kroner per kilowatt på vinterstid.

Vidare seier han at dei høge prisane kjem av at det er kaldt ute og at det er eit høgt forbruk. Det samla forbruket er veldig høgt. Når effekten ein etterspør er veldig høg, må vasskraft, vindkraft- og solkraftprodusentane produsere for fullt.

– Når det er kaldt og tørt, er det ofte veldig vindstille, og slik har det vore lenge no. Det gjer at det blir ein ekstra stram marknad, som gjev høge prisar i dei timane der forbruket er høgast.

Dette er oftast på morgon og på ettermiddagen, fortel Billington.

Tilbyr ei hjelpande hand

Monika Schelander er dagleg leiar i KIL Fond i Bergen Omegn. Dei tilbyr ein hjelpande hand til familiar som trenger det, oftast i form av matkasser. Ho er uroa for dei som lev med låg inntekt i månadene som kjem.

Ho trur dei auka straumprisane vil føre til ytterlegare førespurnader.

– Eg trur folk kjem til å ta kontakt. Me har merka ei auke av førespurnader no under koronapandemien. Ein stor straumrekninga vil ikkje hjelpe på.

Monika Schelander, leiar i KIL Fond Bergen og omegn

STRAUM: Monika Schelander, leiar i KIL Fond tilby ein hjelpande hånd.

Foto: Bergit Sønstebø Svendseid / NRK

Schelander meiner auka straumprisar rammar einslege spesielt.

– Dei betalar jo den same nettleiga, men med berre éi inntekt. Eg trur dette berre er forsmaken på det som kjem.

Åtvarar kundane

Straumleverandøren Kraftriket, som Midt-Telemark blei ein del av 1. jaunar, varslar no kundane sine om dei høge straumprisane for å sikre god kundekontakt.

– Bør prisane justeres ned i dugnadsånd?

– Tanken er god, men det beste er nok at vi sikrar god inntening, så kommunane får utbyte og kan hjelpe målgruppa direkte. Vi kan hjelpe med å dele opp rekninga for kundar i ein vanskeleg situasjon, seier direktør Jon Arne Mørch Jonassen i Midt-Telemark Energi.

Jeanne K. Tjomsland er kommunikasjonsdirektør i Fjordkraft. Ho opplysar at straumselskapet også tilbyr løysingar for kundar som ønsker å dele opp ei stor straumrekning.

Til dei som har ubetalte rekningar, anbefaler ho å ta kontakt før rekninga forfell, slik at ein kan avtale kva ein skal gjere.

Flere nyheter fra NRK Vestfold og Telemark