Hopp til innhold

Reknar billettprisen ut frå nedlagde jernbanespor

Sjølv om reisetida blir kortare, så betalar kundane som om dei køyrde på det gamle sporet. Eit spor som ikkje finst lenger.

Det er snart fire år sidan det nye sporet mellom Larvik og Porsgrunn opna. Ein kronglete, svingete strekning frå 1800-talet, vart bytt ut med ei rett linje.

Då kunne toget køyre fortare.

Reisetida vart kutta frå vel ein halvtime til 12 minutt. Strekninga vart 12,5 kilometer kortare.

Gleda var stor i Grenland, og trafikken auka med 55 prosent omgåande.

Prisen? Den var den same som før.

Derfrå har prisen stige jamt og trutt, sjølv om avstand er ein av to faktorar for prissetting.

Endå eit eksempel

Det er endå lenger sidan tunnelen mellom Drammen og Asker vart bygd.

Lieråstunnelen

LIERÅSEN: Sidan 1973 har toget gått tvers gjennom fjellet.

Foto: Idar Krogstad / NRK

Lieråstunnelen opna i 1973.

Det kutta avstanden mellom dei to stasjonane med meir enn 1,2 mil. Det opplyser Norsk Jernbaneklubb.

Men; sporet rundt fjellet blir framleis brukt til å berekne billettprisen.

Marknadspris er faktor to

Det heile starta i 1854.

Då vart det bestemt at ein skulle bruke det engelske systemet «taxmile». Vi bruker ikkje mile i Noreg, så då vart det taksteiningar (TEN). Ein TEN er litt mindre enn ein kilometer.

Og no blir det litt vanskeleg.

Mellom alle stasjonar er det berekna eit tal TEN ut frå avstand. Det er nesten ein kilometer mellom kvar TEN.

I tillegg kjem altså kva ein trur folk er villig til å betale.

Parti fra det gamle togsporet ved Farris

TURSTI: Skinna er borte langs Farrisvannet. Likevel er sporet med i reknestykket til billettprisen.

Foto: Morten Holbein

– Når staten investerer store summar i å gjere tilbodet endå betre, så blir det heilt feil at ein i tillegg skal redusere billettprisen, seier kommunikasjonsdirektør Ruth Høyland Jønsrud.

kommunikasjonsdirektør Ruth Høyland Jønsrud

DIREKTØR: Kommunikasjonsdirektør Ruth Høyland Jønsrud i Jernbaneverket seier dei tilpassar prisen for å få folk til å ta toget.

Foto: Jernbanedirektoratet

Ho seier at dei har som mål å få flest mogleg til å la bilen stå og heller ta toget.

Dessutan kan dei som køyrer toga, Vy, GoAhead, SJ og andre gi tilbod som gjer det billigare. Sommarkampanjar og minipris på mindre populære tider er døme på det.

Prøver å få prisen ned

Ordførarane i Porsgrunn og Larvik var med på det første toget som gjekk på den nye strekninga.

Då meinte dei prisen på 91 kroner var litt stiv og ville ta det opp med Jernbanedirektoratet.

Robin Kåss, ordfører i Porsgrunn

SNAKKAR OM TOG: Ordførar Robin Kåss i Porsgrunn er oppteken av togtilbodet.

Foto: Anne Lognvik / NRK

I dag seier ordførar Robin Kåss i Porsgrunn at det ikkje var vellykka og prisen no er 102 kroner.

– Dei reisande bør ikkje straffast økonomisk for at det tidlegare var ein lang og kronglete trasé, skriv Kåss til NRK.

Flere nyheter fra NRK Vestfold og Telemark