Hopp til innhold

Riktige dufter kan redde jula

Mange trur dei er forkjølte når dei eigentleg er allergiske for duftene av jul.

Geir Mellingen, gartner ved Gjennestad gartneri i Stokke.

IKKJE GI OPP: – I blomsterverda er det alltid mange gode alternativ, seier gartnar Geir Mellingen ved Gjennestad gartneri.

Foto: Privat

Jula handlar mykje om lys og spesielle lukter.

Mange er meir inne og fyller huset med blomstrar, juletre, stearinlys og røykjelse.

Det kan føre til overdose av duftar og os.

– Det er mykje på ein gong, og alt påverkar samtidig når ein er allergisk eller overfølsam, seier regionsekretær i Astma- og allergiforbundet Østafjells, Ellen Sørby.

Trur dei er forkjølte

Ikkje alle er klar over at dei er allergiske. Dei trur dei har vorte sjuke.

– Det er mykje forkjøling rundt juletider. Ein tenkjer ikkje på at det kan vere blomstrane ein har fått i hus, seier ho.

Ellen Sørbye

VIS OMSYN: Mange får allergiske reaksjonar av juleblomster som julestjerne og sviblar, fortel regionsekretær i Astma- og allergiforbundet, Ellen Sørby. Ho oppmodar òg folk til å spørje gjester om dei toler røykjelse.

Foto: Privat

Duftar frå blomstrar kan gi kløe og svie i auga og rennande nase, men også kløe bak på tunge. Nokon får òg pusteproblem, hovudverk og må leggje seg litt.

– Mange må ta medisinar. Det er det sikkert mange som gjer no i desember for å halde ut, fortel Sørby.

Med andre blomstrar går det an å få ei jul utan hovudverk og rennande nase og auge.

– Det er enkle tiltak som kan gjerast og det blir like hyggjeleg om vi har den eine eller den andre blomsteren.

Vel andre blomstrar

Julestjerne kan vere slimhinne- og hudirriterande. Løkblomster, som liljer, amaryllis, sviblar, tulipanar, krysantium, duftar veldig sterkt.

Juleblomster

VERSTINGAR: Mange er allergiske mot sviblar på grunn av den kraftige dufta. Julestjerne kan vere slimhinne- og hudirriterande.

Foto: Lena Høyberg / NRK

– Nokon synest det lukter nydeleg, men mange av oss toler ikkje lukta utan å få vondt i hovudet og bli tett i nasen. Det er heilt unødvendig når det er så mykje anna å velje, meiner Sørby.

I staden tilrår Astma- og allergiforbundet julekaktus, ildtopp, azalea, alpefiol, gloriosa, guzmania, orkidear, duftfrie roser og kristtorn.

– Vi skal jo pynte til jul, og det er mange blomstrar som er fine, seier regionsekretæren.

– Det viktigaste er å gjere dei rette vala og ta inn flotte blomstrar som er ok. Det er masse å velje i som ikkje gir problem, seier ho.

Får spørsmål

På Gjennestad hagesenter i Stokke opplever dei at nokre kundar spør om blomstrar til allergikarar.

– Ofte er det sånn at dei som er allergiske mot juleblomster, kjenner til det sjølv. Men det er nokon som skal kjøpe ein blomster til ei tante som er allergisk, og spør om råd rundt det, fortel Geir Mellingen.

Geir Mellingen gartner Gjennestad hageland i Stokke

GIR RÅD: Gartnar Geir Mellingen ved Gjennestad hageland i Stokke viser fram juleblomster som allergikarar toler; ildtopp, flamingoblomster, azalea og orkidé.

Foto: Privat

Sviblar er det mange som reagerer på, men gartnaren trur ikkje det berre kjem av allergi.

– Den har ein enormt kraftig og herleg duft. Nokon kan få ei blanding av allergiske og overveldande reaksjonar. Det blir «too much», seier Mellingen.

Det er nok av andre juleblomstrar ein kan velje i, stadfestar han.

– I blomsterverda er det alltid mange gode alternativ. Ein må ikkje gi opp blomster fordi ein ikkje toler ein plante eller to, seier han.

Allergisk av juletreet

Juletreet er òg ein syndar for allergikarar. Då bør ein vurdere å kjøpe eit kunstig juletre, tilrår Sørby i Astma- og allergiforbundet.

Juletre med pakker under.

JULETRE: Astma- og allergiforbundet tilrår eit kunstig juletre viss du blir allergisk og sjuk kvart år så fort juletreet kjem i hus.

Foto: Gorm Kallestad / NTB

– Dei blir finare og finare, og då kan det vere lurt å investere i det, seier ho.

Batteridrivne stearinlys er òg eit betre alternativ.

Sørby ber folk som ikkje er allergiske, om å ta omsyn når dei får besøk.

– Spør folk som kjem på besøk om dei toler røykjelse. Då får personen sjansen til å svare «nei, det gjer eg eigentleg ikkje». Det er veldig hyggjeleg viss ein spør på førehand, seier ho.

– Då blir det god jul for alle.

Flere nyheter fra NRK Vestfold og Telemark