Hopp til innhold

Problem på fjellovergangane

HAUKELISETER (NRK): Etter at E134 over Haukelifjell var open for normal ferdsel eit par timar, er det igjen kolonnekøyring på grunn av uvêr fredag. Riksveg 7 over Hardangervidda er stengt for personbilar.

Haukelifjell

Sjå videoen av NRK sin reporter på Haukeliseter over.

Denne fredagen er ein stor utferdsdag, ikkje minst sidan Vegtrafikksentralen og meteorologane har oppmoda folk om å anten køyre i dag eller vente til julaftan med å krysse fjellovergangane.

Men uvêret skapar allereie problem på fleire fjellovergangar. Riksveg 7 over Hardangervidda har vore stengt, der er det nå innført kolonnekøyring for køyretøy med totalvekt over 7,5 tonn. På riksveg 52 over Hemsedalsfjellet, riksveg 13 over Vikafjellet og på E134 over Haukelifjell er det kolonnekøyring.

Kolonne over Haukelifjell

KOLONNEKØYRING: Kvar kolonne kan maksimalt ha 40 bilar. Her køyrer kolonnen i austgåande retning over Haukelifjell.

Foto: Freddy Samson Fagerheim / NRK

E134 kan bli stengt utover kvelden

Uvêret har teke seg kraftig opp over Haukelifjell, etter eit par timar med fint vêr, seier vaktleiar ved Haukelifjell brøytestasjon, Per Ove Tveit.

Per Ove Tveit

RUFSETE VÊR: Vaktleiar ved Haukelifjell brøytestasjon, Per Ove Tveit, kan rapportere om sterk vind og dårleg sikt på E134.

Foto: NRK

– Vi trudde vi hadde redda kvelden, men den gong ei. Nå blåste det opp, så da måtte vi bite i det sure eplet og innføre kolonnekøyring att.

Det betyr at bilane må stoppe på kvar si side av fjellet og vente på å bli leda over. Kolonnen kan vera maksimalt 40 bilar om gongen, og forholda blir vurdert fortløpande.

– Kan vegen plutseleg bli stengt?

– Ja, om det blir null sikt så kan han bli stengt. Men vi håpar ikkje det. Det skal bli mildare utover kvelden med regn, så da vil det truleg bli betre sikt.

Tveit seier at om han skulle køyre over Haukelifjell, ville han vurdert å vente.

– Vi kan ikkje gjeva nokon garanti om at vegen blir verande open. Vêret forandrar seg fort på fjellet.

Seljord

SELJORD: Dette bildet er teke i Seljord tidlegare i dag, da det også var kolonnekøyring over Haukelifjell

Foto: Freddy Samson Fagerheim / NRK