SE OGSÅ: |
ALT OM: |
Konserndirektør i NSB Rolf Roverud seier tunnelen er heilt avgjerande for at det framleis skal vere eit togtilbod til Grenland.
NSB meiner Vestfoldbanen treng ein ny Eidangertunnel.
- Ein tunnell saman med ein utbygt Vestfoldbane er avgjerande for togtilbodet, seier han.
Er samfunnsøkonomisk
Det er første gongen konserndirektøren er så direkte i si støtte til å bygge Eidangertunnele.
- Det er samfunnsøkonomi i dette. Dessutan er det eit stort engasjement bak dette kravet, seier han.
Roverud meiner togtilbodet må kunne konkurrere med andre tilbod for at publikum skal bruke det. Han sier at toget konkurrerer med andre tilbod som bil og buss, og må kunne konkurrere på tid.
Mogleg i 2006
- Det er for få menneske som vel toget viss det ikkje er konkurransedyktig og kan slå andre transporttilbod i kjøretid, seier han.
Også Jernbaneverket meiner det no er mogleg å få Eidangertunnelen inn på Nasjonal transportplan i 2006.
Jernbaneverket meiner det må kome eit større økonomisk løft til jernbanen enn det som ligg i nasjonal transportplan.
- Då er det også mogleg å få til Eidangertunnelen, seier Stein O. Nes i Jernbaneverket.