Porsgrunn opnar døra for syriske flyktningar

Porsgrunn kommune kan ta imot 50 syriske flyktningar på kort varsel. Det har dei bestemt på eit møte i kommunen i formiddag

Syriske flyktninger vandrer nordover på en motorvei i Makedonia

Syriske flyktningar vandrar nordover på motorveg i Makedonia.

Foto: OGNEN TEOFILOVSKI / Reuters

Porsgrunn vil opprette eit kommunalt mottak for inntil 50 syriske flyktningar. Kommunen vil finne eit eigna lokale, stille opp med nødvendig bemanning og helsestell, slik at Porsgrunn kan ta imot 40–50 flyktningar på kort varsel.

Det er avisa Varden som først omtalte saka på sine nettsider.

Etter det Varden forstår er Vallermyrene leir det mest aktuelle alternativet, men kommunen vurderer også private bygg som er ledige.

Går på motorvegen nordover

Øystein Beyer.

Ordførar Øystein Beyer.

Foto: Philip Hofgaard / NRK

Ordførar Øystein Beyer var gjest i Telemarksendinga der han fortalde om kva Porsgrunn kommune kan få til på kort varsel.

– Det er bystyret som har retta ein førespurnad om kva vi skal gjere, seier Beyer.

Han fortel at straumen av flyktningar er på veg nordover. Og at dei går på motorvegen i Danmark.

– Vi er spurt om kva vi kan få til som mellombels mottak. Og nå forsøker vi å få til dette med om lag 50 flyktningar som utgangspunkt, seier Beyer.

Kan stå ved byporten

Kommunen vil gjere bruk av KEOPS og det interkommunale GREP, helseapparatet i kommunen og skoler.

– For nokre timar sidan tok eit idrettslag kontakt for å hjelpe til. Vi vil nå samle desse kreftene, slik at vi i løpet av 14 dagar kan kome fram med ein plan for eit mellombels mottak, seier Beyer.

Han understrekar at det handlar om eit mellombels mottak. For gjenforeining og busetjing av kvoteflyktningar er ei gruppe. I det statlege mottaket Fosnes er det 120 flyktningar i Porsgrunn.

– Dei er bedne om å ta 30 nye innan 1. oktober, og 30 til innan 1. november. Og i tillegg til det blir vi bedne av styresmaktene om å rigge til eit statleg mottak. Vi kan ikkje sitte stille og sjå på når dei står på byporten, utan at vi veit kva vi skal gjere, seier Beyer.