Under den politiske radaren

NISSEDAL (NRK): Nærpolitireforma blei vedtatt av Stortinget med støtte frå Høgre, Frp, V, KrF og Arbeidarpartiet rett før sommaren, og arbeidet går føre seg for fullt. Men det skjer utan politisk debatt, meiner Senterpartiet.

Intervju med lensmannen i Nissedal, Marie Kornmo Enger, og litestoppen til Sp Anne Nora Oma Dahle om politireformen.

Valglogo

Stortingsfleirtalet avgjorde at politidirektoratet skal avgjere kvar dei nye, store politidistrikta skal ha sine hovudkontor. Etter planen skal den nye strukturen vera klar ved nyttår.

Nedlegging og omlegging av lensmannskontor og lokale politistasjonar, skjer etter kvart.

– Det er ikkje lenger ein politisk debatt om politireforma, og det er svært uheldig, seier Anne Nora Oma Dahle, toppkandidaten til Senterpartiet i Nissedal.

Anne Nora Oma Dahle

Anne Nora Oma Dahle meiner det er eit politisk underskot i arbeidet med politireforma.

Foto: Anne Lognvik / NRK

Ho reiser no rundt i Telemark, og deler ut blomster til dei lensmennene som er att i fylket.

– Dette er ei sak som er gjeld alle kommunane, og det handlar om tryggleiken til innbyggarane. Ved å legge ned lensmannskontora, får innbyggarane eit dårlegare tenestetilbod.

Slik er demokratiet

–Det er viktig med nærpoliti slik at ikkje responstida blir for lang, seier Oma Dahle.

– Det er semje i Stortinget om Nærpolitireforma, no må me la politidirektoratet gjere den jobben dei er sett til, seier fyrstekandidaten til Frp i Telemark, Knut Morten Johansen.

Han er ikkje redd for at dette skal gå for fort, og at kommunane ikkje får leggje fram sitt syn.

Kommunestyra vil kunne klage på endringar i tjenestestadstrukturen til Justis- og beredskapsdepartementet. Johansen legg til at han ikkje nødvendigvis trur at kvaliteten på politiarbeidet blir betre med ei rekkje små lensmannskontor med kort opningstid.

Viktig med lokalkunnskap

Sjefen på eit lite lensmannskontor meiner politikarane må ta omsyn til dei lokale forholda, når det diskuterer politireforma.

Marie Kornmo Enger

Lensmann i Nissedal, Marie Kornmo Enger er opptatt av at lokalkunnskapen vert tatt vare på.

Foto: Anne Lognvik / NRK

– Lokalkunnskap er viktig for å gje rask og god hjelp, seier lensmann i Nissedal, Marie Kornmo Enger.

Ho seier ei forståing for forholda ute i distrikta er viktig, når avgjerdene blir tatt.

Politiforbundet og tenestemenn- og kvinner har fått sagt sitt. No går den vidare debatten og avgjerdene på eit høgare nivå.

Rask saksgang

I løpet av hausten vil politidirektoratet sende ut eit forslag til høyring. Innan årsskiftet skal hovudtrekka i den nye styringsmodellen vera klar, og deretter kjem turen til lensmannskontora.

Målet med reforma er å samle resursane slik at dei kan nyttast betre, heve kvaliteten på politiarbeidet og unngå at for mykje av pengane blir bruka på administrasjon og kontorhald.