Hopp til innhold

Slår alarm om valdshistoriene barna fortel

– Me trur at mange av barna ikkje ville opplevd fysisk vald viss samfunnet ikkje hadde stengt ned, seier Jeanette Indreiten ved Statens barnehus.

Jeanette Indreiten - seksjonsleiar Statens barnehus Sandefjord

AVHØYR: Barna kjem til dette rommet for å snakke med politiet. Seksjonsleiaren ved barnehuset i Sandefjord opplyser at barna sit i stolen med skinnfell.

Foto: Martin Torstveit / NRK

– Dei fortel om kveling, slag og klyping. Nokre av dei skildrar også at dei har blitt dratt opp og ned trappa etter beina, seier Jeanette Indreiten. Ho er seksjonsleiar ved Statens barnehus i Sandefjord.

Etter mange år i jobben, blir ho ikkje lenger overraska over dei fryktelege tinga vaksne gjer mot barn. Statens barnehus er eit tilbod til barn og unge som har vore utsett for vald.

– Me har fullt hus kvar einaste dag, seier Indreiten.

Tal frå politidistrikta viser at det har vore ein kraftig auke i valdssaker mot barn etter at pandemien kom til Noreg. Frå 2019 til 2020 auka talet på alvorlege valdssaker mot barn under etterforsking med 36 prosent.

I Sør-Aust politidistrikt har talet på valdssaker mot barn i nære relasjonar auka med 55 prosent. I 2020 fekk dei inn 195 saker, mot 126 saker i 2019. Det tyder på at fleire barn enn vanleg opplever vald i heimen.

Politiet erfarer at fleire foreldre er valdelege mot barna sine under pandemien.

Foreldre som vanlegvis ikkje tyr til fysisk vald, kryssar grensa når samfunnet er stengt ned.

– I dei heimane som taklar restriksjonane dårleg, så bygger den dårlege stemninga seg opp som ein trykkokar, seier politioverbetjent i Sør-Aust politidistrikt Hege Skar.

Politioverbetjent i Sør-Øst politidistrikt Hege Skar

Hege Skar er politioverbetjent i Sør-Aust politidistrikt. Ho jobbar i seksjonen for seksuallovbrot og vald mot barn.

Foto: Martin Torstveit / NRK

Urolege for nedstenging

Det norske samfunnet er framleis nedstengt med lokale variasjonar. Regjeringa har også varsla at det kan kome nye strengare nasjonale restriksjonar på sikt viss ikkje smitten går ned.

Skar skjønnar at ein må ta omsyn til pandemien, men peiker på at barna er særleg sårbare.

– For oss er det barna som er den største taparen når samfunnet stenger ned, seier Skar.

Ein ting er at barnehagar og skular er stengt, men politiet peiker også på nedstengde fritidstilbod og skjenkestopp som eit problem. Fordi dei vaksne ikkje får lufta seg og begeret renner over.

At mamma og pappa er på heimekontor hjelper heller ikkje. Fleire barn fortel at dei er redd for vald 24 timar i døgnet.

– Overgriparen er alltid heime. Dei får aldri fri frå valden, seier Indreiten.

Basert på erfaringane frå det siste året meiner Indreiten at fleire barn vil oppleve vald viss samfunnet blir stengt ned på nytt.

– Me trur at mange av barna ikkje ville opplevd fysisk vald viss samfunnet ikkje hadde stengt ned, seier Indreiten.

Jeanette Indreiten - seksjonsleiar Statens Barnehus i Sandefjord

Jeanett Indreiten er seksjonsleiar ved Statens barnehus i Sandefjord.

Foto: Martin Torstveit / NRK

– Heilt forferdeleg

Dette opprører kunnskapsminister Guri Melby.

Ho seier dei er klar over at nokre av dei barna som ikkje har det bra heime, har fått det verre no når dei må vere meir heime. Men legg til at dei har vore tydelege på at barn som har behov for det, skal ha rett på eit fysisk tilbod i skular og barnehagar kvar dag.

– Men det er klart me er avhengige av at det blir oppdaga.

– Blir du meir opprørt når du høyrer om dette her?

– Det er heilt forferdeleg å høyre om, og det er veldig vondt å sjå at dei smitteverntiltaka me gjennomfører har den typen negative konsekvensar.

– Det her er barn som i utgangspunktet har det veldig vanskeleg, som absolutt ikkje treng å få det verre, og me må gjere det vi kan for å hjelpe dei barna, seier Melby.