Hopp til innhold

Politiet åtvarar mot svindelforsøk

Svindlarar har lurt til seg pengar på Brotorvet i Bamble.

Vidar Aaltvedt
Foto: Anders Jølstad

Det var ei kvinne og ein mann i 30 åra som svindla tysdag kveld. Dei bad om å få veksle ein femhundrelapp i ein butikk og drog med meir enn 500 kroner.

– Slik vekslingssvindel har vi sett tidlegare også, da var det ofte einslege eldre som blei stoppa på gata og lurt trill rundt, seier Vidar Aaltvedt, operasjonsleiar ved Telemark politistasjon.

Mannen og kvinna var lyse i huda, tynne og snakka ikkje norsk. Mannen hadde sort caps, sort hettegenser og olabukse.

Kvinna hadde kvit boblevest, grøn langerma genser og olabukse. Politiet vil gjerne ha tips viss nokon ser dei to.

Aaltvedt seier dei to har gått inn i butikken og spurt om å få veksle pengar, og lurte betjeningen trill rundt i butikken.