Hopp til innhold

Over 800 fattige barn i Porsgrunn – Raudt meiner Ap har skulda

Frå 2013 til 2020 auka talet på fattige barn i Porsgrunn frå litt over 500 til over 800. Raudt-topp Pål Berby meiner Arbeidarpartiet må ta hovudansvaret og utfordrar ordførarkandidat Janicke Andreassen.

Pål Berby, ordførerkandidat for Rødt i Porsgrunn i debatt med Janicke Andreassen, ordførerkandidat for Arbeiderpartiet. Debatten ble ledet av André Kolve.

DEBATT: Se debatten om barnefattigdom i Porsgrunn med ordførerkandidat for Rødt, Pål Berby og ordførerkandidat for Arbeiderpartiet, Janicke Andreassen. Debatten er ledet av André Kolve.

– Arbeidarpartiet har styrt Porsgrunn i fleire tiår og kan ikkje fråskrive seg ansvaret for at stadig fleire barn veks opp i fattigdom, seier Pål Berby.

Pål Berby, Rødt

Pål Berby er ordførarkandidat for Raudt i Porsgrunn.

Foto: André R. Kolve / NRK

Raudts ordførarkandidat er skremd og djupt bekymra over tala frå Statistisk sentralbyrå (SSB).

Dei viser at heile 13 prosent av Porsgrunns innbyggjarar under 18 år lever i det SSB kategoriserer som «hushald med vedvarande låginntekt». På godt norsk: Barn som veks opp i fattigdom.

– Bortforklarer problemet

Berby nøler ikkje med å fyre laus mot Arbeidarpartiet og ordførarkandidat Janicke Andreassen.

– Så lenge dei har sete med styringa og eigentleg all makt, så har dei hatt høve til å gjere noko med dette problemet, som vi har sagt frå om i mange, mange år.

Les også SV får gjennomslag for å øke barnetrygden

Revidert nasjonalbudsett

Berby meiner hovudproblemet er at politikarane har bortforklart at Porsgrunn har eit fattigdomsproblem.

– Å kalle det vedvarande låginntekt hjelper ikkje på problemet. Som kommune må vi byrje å innsjå at vi har dette problemet i alle ledd. Vi må byrje på jobbe heilskapleg så det ikkje berre er identifisert til dømes NAV Porsgrunn eller skulesektoren.

Åleineforsørgjarar og flyktningbarn

Janicke Andreassen meiner det er fullstendig skivebom av Berby å påstå at Arbeidarpartiet har sete stille i båten.

Statssekretær Janicke Andreassen.

Janicke Andreassen er Aps ordførarkandidat i Porsgrunn.

Foto: Øyvinn Myge / Nærings- og fiskeridepartementet

– Vi har vore med på å styrkje både kontingentkasse, aktivitetskortet, Klokkerholmen og fritidsaktivitetar her i byen.

Arbeidarpartiets ordførarkandidat erkjenner likevel at det kan vere behov for å oppdatere handlingsplanen for barn og unge som gjeld frå 2020 til 2024, men hevdar likevel å ha bidrege meir enn Raudt.

– Vi har levert budsjett og verbalforslag i motsetning til Raudt, som i 2019 og 2021 ikkje eingong leverte eit budsjett, seier Andreassen.

– Men kvifor har talet på fattige barn likevel auka i alle desse åra?

– Ut frå kva eg har henta inn av informasjon og som vi kjenner til, har vi ein større del av åleineforsørgjarar. Vi har også busett ein god del flyktningar med barn. Det kan vere ei årsak, meiner Ap-toppen.

Ingen Ap-garantiar

Pål Berby er heilt klar på at det er to ting som hjelper viss ein har eit fattigdomsproblem.

– Det er anten å auke inntektene eller å innskrenke utgiftene. Vi meiner det er mogleg å gå over det som er nasjonal standard for sosialhjelp. I Porsgrunn har vi råd til det, seier Berby.

Les også Benedicte ønsker å gi fattigdom et ansikt for å hjelpe barn som opplever det samme i dag

Benedicte Fagervoll

Andreassen vil ikkje gi nokon garantiar for at Arbeidarpartiet vil vere med på å auke satsane for sosialhjelp lokalt.

– Den fremste oppgåva vår og fokuset vårt er å styrkje til dømes Keops (kommunalt føretak for arbeid og utvikling, red.mrk.), som hjelper folk gjennom utdanning og ut i arbeid.