Hopp til innhold

Fylkesordføraren optimist for Tinnosbanen

Fylkesordførar Terje Riis-Johansen er optimistisk med tanke på å få rydda Tinnosbanen før Unesco kjem på besøk for å vurdere verdsarvsøknaden.

Terje Riis-Johansen

Fylkesordførar Terje Riis-Johansen er optimist for å sjå tog på Tinnosbanen igjen.

Foto: Øijord, Thomas Winje / Scanpix

Onsdag møtte ein delegasjon frå Telemark samferdsleminister Ketil Solvik-Olsen og Jernbaneverket for å drøfte tilstanden på Tinnosbanen før representantar frå Unesco kjem på besøk i september for å vurdere verdsarvsøknaden.

Fylkesordførar Terje Riis-Johansen og ordførarane i Tinn og Notodden, Steinar Bergsland og Jørn Christensen, er nøgde med lovnadene dei fekk etter møtet i dag.

– Tinnosbanen er i ferd med å gro igjen, og er ikkje eigna for togtrafikk. I tillegg har vi ein verdsarvsøknad der Tinnosbanen er ein viktig del, seier Riis-Johansen.

Jernbaneverket vil rydde

Telemarksdelegasjonen drøfta ulike tiltak for å betre standarden på banen, og Riis-Johansen meiner dei har fått ei forståing frå Jernbaneverket om at det skal vere rydda på Tinnosbanen før Unesco kjem på besøk.

– Vi reknar med at dei går i gang med oppryddinga relativt raskt, seier Riis-Johansen.

Jernbaneverket vil også sette i gang eit arbeid for å vurdere å oppgradere skjenegangen på Tinnosbanen, slik at det er mogleg å køyre tog der.

– Det ville vere ein milepæl i arbeidet, seier Riis-Johansen.

Storegut

Det kan bli mogleg å køyre tog til Tinnoset og tinnsjøferja Storegut.

Foto: Ragnar Lurås / NRK

Optimist for tog på banen

Fylkesordføraren er ein større optimist nå om at det skal vere mogleg å sjå tog trafikkere på Tinnosbanen.

– Det kan vere tog som fraktar tømmer frå Gransherad eller turisttog mot Tinnoset med tilkopling til jernbaneferjene Storegut og Ammonia mot jernbanen på Rjukan, seier Riis-Johansen.

Han meiner jernbanen var med på å gjere industrieventyret Rjukan, og til dels Notodden, mogleg, fordi det var den måten fullgjødselprodukta kunne kome ut i verda på.

– Heile verdsarvsøknaden er basert på jernbanen og infrastrukturen, og den er ein del av fire hovudpilarar i sjølve verdsarvsøknaden. Tinnosbanen er ein viktig del av verdsarvsøknaden, seier Riis-Johansen.

Flere nyheter fra NRK Vestfold og Telemark