Hopp til innhold

Tiåring funnen i god form av hundepatrulje

Den ti år gamle guten som blei meld sakna i Tjodalyng i Larvik natt til søndag, er funnen i god form.

Tjodalyng

– Guten blei funnen i skogen og han låg under eit pledd. Det var politiets hundepatrulje som fann guten, og han er i god form, seier operasjonsleiar Anne Meyer i Sør-Øst politidistrikt til NRK.

Guten forsvann frå sin eigen heim seint laurdag kveld, før han blei meldt sakna like etter klokka 1.

Klokka 7.42 melde politiet i Vestfold at tiåringen var funnen i god form.

Laster Twitter-innhold

Den unge guten blir no teken med heim til foreldra.

– Så må vi undersøke om han treng tilsyn av lege. Det ser ikkje slik ut, men vi tek han med heim, før vi får prata litt med han, seier Meyer.

Store leitemannskap har søkt etter guten gjennom natta. Norske Redningshunder, Sivilforsvaret, Røde Kors, Norsk Folkehjelp, samt politiet og eit Seaking-helikopter var ute, opplyste politiet kort tid før guten blei funnen.

Flere nyheter fra NRK Vestfold og Telemark