Hopp til innhold

Nytt anlegg kan kutte like store utslepp som frå heile Oslos bilpark

Eit anlegg for karbonfangst ved denne fabrikken kan redusere utsleppa av klimagass som svarar til heile bilparken i Oslo. Kronprins Haakon er blant dei som er begeistra for planane.

Kronprins Haakon får en omvisning av fabrikksjef Per Ole Morken hos sementprodusenten Norcem i Brevik.

Kronprins Haakon får ein omvising av fabrikksjef Per Ole Morken l sementprodusenten Norcem i Brevik.

Foto: Heiko Junge / NTB scanpix

CO₂ i atmosfæren
424,6 ppm
1,5-gradersmålet
+1,12 °C
Les mer  om klima

Sementfabrikken Norcem i Brevik vil bygge verdas fyrste anlegg for å fange CO₂ frå sementindustrien.

Denne industrien står for om lag seks prosent av dei samla CO₂-utsleppa i verda.

Løysinga som Norcem er i ferd med å utvikle kan dermed vere ei viktig brikke i spelet for nå dei globale måla om å redusere klimagassutslepp.

Teknologien kan nemleg overførast til sementfabrikkar i heile verda.

Med ny teknologi skal ein kunne hente ut CO₂ frå røyken frå fabrikkpipene. Deretter skal den flytande gassen fraktast ut i Nordsjøen og lagrast under havbotnen til evig tid.

Prislappen på heile prosjektet er på mellom 11 og 12 milliardar kroner.

Sementprodusenten Norcem i Brevik. Norges eneste produsent av sement.

Norcem er Noregs einaste produsent av sement. Dei har fabrikkar i Brevik i Telemark og Kjøpsvik i Nordland.

Foto: Heiko Junge / NTB scanpix

Kronprinsen: – Tydeleg at me må tenke meir berekraftig

Denne veka besøkte kronprins Haakon fabrikken saman med NHO.

Kronprinsen var imponert over det han fekk vite om planane. Han har lenge vore oppteken av miljø og berekraft.

– Eg skal ikkje blande meg i dei politiske prosessane. Men det er klart at ein må tenke på korleis ein kan få heile verdikjeda til å bli meir berekraftig og miljøvenleg. Det er det relativt tydeleg at me må få til i åra som kjem, sa kronprinsen.

Det må store statlege summar til for at det skal bli noko av prosjektet. Forhandlingane om korleis kostnadene skal fordelast mellom regjeringa og selskapet er i gang.

Etter planen blir alt avgjort når statsbudsjettet kjem til hausten.

Som å fjerne alle bilar i Oslo

Eit CO₂-fangstanlegg i Brevik skal kunne redusere klimautsleppa derfrå like mykje som dersom heile Oslo hadde vore bilfritt.

Heidelberg Cement, som eig Norcem, er verdas nest største selskap innan byggemateriale. Direktør for selskapet i Nord-Europa, Giv Brantenberg, presenterte selskapets planar for kronprinsen onsdag.

Brantenberg peika på at heile den samla sementindustrien slepper ut 2 milliardar tonn CO₂ kvart år.

– Dette er ein sektor ein ikkje kan oversjå dersom ein skal nå utsleppsmåla, sa han.

– Vanskeleg å seie nei

På Fortums avfallsanlegg i Oslo er eit liknande prosjekt under arbeid.

Anlegget som brenner opp søpla til folk i hovudstaden står i dag for 14 prosent av fossile utslepp i hovudstaden.

Også her er dei berre få stortingsvedtak unna å realisere prosjektet. Det skal gje like stor reduksjon i utsleppa som ved Norcem. Olje- og energiministeren har varsla at avgjerda blir tatt i 2020 eller 2021, om Brevik eller Oslo blir prioritert som fullskala anlegg for CO₂ fangst.

Om Norcem blir valt vil bygginga av eit fullskala anlegg for karbonfangst starte umiddelbart. Det vil etter planen ta om lag tre og eit halvt år før anlegget er ferdig.

– Vi satsar på å vere i gang med første halvår 2024, seier direktør Per Brevik.

Brevik håper at kronprinsbesøket vil legge endå meir press på Regjeringa og Stortinget til å seie ja til milliardprosjektet:

– Eg trur det blir vanskeleg å seie nei uansett. Det er eit heilt anna fokus på dette no enn for berre to-tre år sidan.

Direktør i NHO, Ole Erik Almlid, meiner også prosjektet er avgjerande for å nå klimamåla.

– Det er liten tvil om at CO₂-fangstprosjektet på Norcem og hos Fortum i Oslo er avgjerande for at me skal få til denne industrisatsinga som Noreg og Europa sårt treng.

Norge nå er et direktesendt show hvor vi prater med folk om det de er opptatt av, der det faktisk skjer. Fra hele Norge til hele Norge. Sesong 4 (54:64)

I november sendte NRK dette Noreg nå-programmet om karbonfangst direkte frå Norcem i Brevik.