– Når ein skriv nynorsk, er det nokre ord som blir ulike og det blir rart å skrive, seier Ingar Sletta Tråer.
9.-klassingen valde å byte frå nynorsk til bokmål då han byrja på ungdomsskulen.
Til og med barneskulen må elevane ved Sauland skule i Hjartdal ha nynorsk som hovudmål.
No kan det stå for fall.
Ei undersøking gjort på skulen på oppdrag frå FAU viser at 85 prosent av foreldra og 77 prosent av elevane vil byte ut nynorsk.
Endringa har skjedd over mange år
Saka er så kontroversiell at kommunen valde å gå for ei folkeavstemming denne veka. Eit lite fleirtal ønskjer å behalde nynorsk.
Det betyr ikkje at politikarane landar på det same når dei tek den endelege avgjerda i april, påpeikar ordførar Bengt Halvard Odden (Ap).
Sjølv meiner han skulen no bør gå over til bokmål.
– For meg er det viktigast å lytte til innspela frå foreldra og føresette ved skolen. Det har vore ei stor overvekt, seier han.
I 9. klasse ved skulen er det no ingen nynorskbrukarar, og endringa har skjedd over mange år, viser han til.
Skular med nynorsk blir færre
Skular med nynorsk som hovudmål er redusert med 20 prosent på ti år, ifølgje tal frå Utdanningsdirektoratet.
Det dreier seg også om at nynorskskular er bygdeskular som blir lagde ned eller slått saman.
Nedgangen gjer likevel Språkrådet uroleg.
Dei ser at endringa skjer i område som grenser til bokmålskommunar.
– Nynorsk står sterkt mange plassar, men er meir pressa på Austlandet. At dette er ein telemarkskommune, er ikkje heilt utypisk, seier språkforsker Daniel Ims i Språkrådet.
Er det dumt at stadig flere skoler velger bort nynorsk?
Synest bokmålsskule er flautt for Hjartdal
Ingvill Buen Garnås synest det er forferdeleg dersom skulen går bort frå nynorsk.
– Det er rett og slett flautt. Eg synest ikkje det høyrer heime her, seier ho.
Hjartdal ligg midt i eit frodig dialektområde i øvre Telemark, påpeikar ho.
– Ungane har eit massivt påtrykk av bokmål på TV og nett. Det kan dei. Det dei treng, er å lære nynorsk.
Ber folk lytte til dei det gjeld
Men ikkje alle er samde i det.
Far Olav André Listul meiner det er viktig å lytte til dei det gjeld.
Han meiner undervisninga på nynorsk går utover elevane.
– Det er ein klar fordel for ungane å ha bokmål på skulen og prate dialekt, seier han.
Skulen set store krav til leseferdigheiter i fleire fag, og det blir vanskelegare med nynorsk, meiner han.
– Nynorsk ligg ikkje nært verken bokmål eller dialektar, seier han.
Listul meiner dei som skal stemme over dette, bør prate med lærarar og elevar på skulen.
– Søk fakta, og ikkje berre stem slik det alltid har vore, seier han.
Møter haldningar mot nynorsk
Elevar som bruker nynorsk, møter ofte haldningar om at samfunnet føretrekkjer bokmål, påpeikar språkforsker Daniel Ims.
– Det skal vere lettare å kunne bruke nynorsk, seier han.
Det blir også meldt om at skular ikkje har sterk nok forståing for verdien av å halde på nynorsk.