Hopp til innhold

Ny vidaregåande skule på Klosterøya

Nye Skien vidaregåande skole bør byggjast på Klosterøya. Det meiner eit samla kompetanseutval i Telemark fylkeskommune.

Klosterøya

Fylkespolitikarane i kompetanseutvalet vil bygge ny vidaregåande skule på Klosterøya i Skien.

Foto: Marianne Lande Hallingskog / NRK

Utvalet ber no administrasjonen i fylket planlegge ei utbygging på Klosterøya.

Kompetanseutvalet seier og at Bø vidaregåande skule i Seljord skal halde fram som ei avdeling under Vest-Telemark vidaregåande skule på Dalen.

Også Lunde vidaregåande skule held fram og blir slått saman med Søve. Administrasjonen blir flytta frå Lunde til Søve.

Skulen på Croftholmen held fram som ei avdeling under Bamble vidaregåande skule.

Hovudutvalet ber fylket setje av 700 millionar kroner til skulebygg i åra som kjem.

I juni gjer Telemark fylkesting endeleg vedtak om skulestrukturen i fylket.

Flere nyheter fra NRK Vestfold og Telemark