Studien skal vere den første i verda til å sjå på kronisk bihulebetennelse over tid, og kva som kan utløyse det.
– Vi ser at det er samanheng med livsstil og jobb som kan auke risikoen for kronisk bihulebetennelse. Det seier prosjektleiar for Telemarksstudien og overlege, Anne Kristin Møller Fell, ved Sjukehuset Telemark.
VIKTIG: Prosjektleiar for studien og overlege Anne Kristin Møller Fell meiner det er viktig å finne årsakene til kronisk bihulebetennelse for å førebyggje eller fjerne risikofaktorar.
Foto: Solfrid Leirgul Øverbø / NRKFunna er baserte på data frå 8000 deltakarar over fem år.
Studien er gjord i samarbeid med øre-nase-hals-avdelinga på Sahlgrenska Universitetssjukehus i Göteborg.
Desse yrka er meir utsett
I nokre yrke er ein meir utsett for å utvikle kronisk bihulebetennelse, fortel Fell.
Frisørar, reinhaldsarbeidarar og kokker slår ut som dei viktigaste gruppene.
– Det å jobbe med hårprodukt, steikeos, reingjeringsmidlar, trestøv eller superlim gav auka risiko for kronisk bihulebetennelse. Det gjeld òg nokre industriarbeidarar som jobbar med sterke syrer, seier ho.
Det er mogleg å førebyggje kronisk bihulebetennelse viss ein vernar seg betre, påpeikar prosjektleiaren.
Ho tilrår å redusere bruken av farlege stoff og endre arbeidsmåtar, noko som er arbeidsgjevar sitt ansvar.
Viss det ikkje er mogleg, kan ein verne seg betre med verneutstyr,
– Det vil vere relativt enkelt og effektivt, seier Fell.
Merket effekt
Jorunn Isaksen driv matstaden Jonas B. Gundersen i Porsgrunn.
Ho er ikkje kjend med dette problemet blant sine tilsette, men er heller ikkje overraska over funna.
VIKTIGE TILTAK: Jorunn Isaksen veit at det er mykje utskifting i bransjen. Derfor jobbar ho med tiltak som skal sikre kokkene Austine Mawi og Mari Kleivane god luftkvalitet på kjøkkenet.
Foto: Vigdis Hella / NRK– Særleg kokkar på eit kjøkken kan ein tenkje seg er meir utsett for dårlegare luftkvalitet enn på eit kontor. Eg kan sjå for meg at bransjen vår er ramma, seier ho.
Det er mykje utskifting av kokker og servitørar. Derfor er ho oppteken av arbeidsmiljøet for å behalde tilsette i mange år.
Nyleg skifta ho motor i ventilasjonsanlegget på kjøkkenet i restauranten.
– Det var merkbar forskjell frå den eine dagen til den andre. Det har ein effekt, seier ho.
MERKA EFFEKT: – Det var merkbar forskjell frå den eine dagen til den andre, seier Jorunn Isaksen som merka effekt då motoren i ventilasjonsanlegget nyleg vart skifta ut.
Foto: VIGDIS HELLA / NRKIsaksen meiner studien bør takast på alvor.
– Dette kan jo vere eit høve til å setje dette på dagsorden for bransjen vår, seier ho.
Ukjend problemstilling
For frisørbransjen er òg bihulebetennelse ei ukjend problemstilling.
– Det har vi aldri høyrt om faktisk, seier administrerande direktør i Norske frisør- og velværebedrifter, Anne Mari Halsan.
IKKJE HØYRT OM: I frisørbransjen har det skjedd mykje både når det gjeld kjemikaliar og ventilasjon dei siste åra, viser Anne Mari Halsan i Norske frisør- og velværebedrifter til.
Foto: NFVBDei siste 5 til15 åra har det skjedd mykje både med kjemikaliar og strenge HMS-tiltak i salongane, forklarer ho.
– Det har vore ei rivande utvikling for sjølve kjemikaliane, men også måten ein jobbar med ulike typar ventilasjon som gjer at frisørar ikkje skal utsetjast for skadelege stoff, seier Halsan.
Nesten 1 av 10 i Telemark
I Telemark er det fleire som har kronisk bihulebetennelse enn elles i landet, ifølgje Fell.
Der svara 9 prosent at dei har kronisk bihulebetennelse. Det er nesten 1 av 10.
– Det er mange. Og fordi det går utover livskvaliteten til folk, er det viktig å tenkje at det kan førebyggjast, seier Fell.
Til samanlikning viser nordiske studier en forekomst på 8 prosent. I Europa varierar det mellom 5 og 15 prosent, opplyser Fell.
For å kalle det ein kronisk bihulebetennelse, må ein ha plagene minst 12 veker i snitt per år.
Lidingane kan føre til depresjon, angst og søvnforstyrringar.
Kvifor fleire slit med bihulebetennelse i Telemark, kan ikkje forskarane svare på.
Dette har vore lite studert i både Noreg og Europa.
Sjølv om tala er usikre, bidreg studien til å forklare noko, og mykje tyder på at fleire årsaker speler inn, meiner Fell.
– Derfor vil vi følgje deltakarane over lengre tid for å sjå om vi kan finne fleire årsaker, seier ho.
Fukt og mugg ser ut til å auke risikoen, noko studien òg skal sjå nærare på.
Livsstil påverkar arbeidsevne
Risikofaktorar knytt til livsstil verkar òg inn på arbeidsevne og sjukefråvær. Det viser ein understudie av Telemarksstudien som følgde 6267 deltakarar over fem år.
– Den livsstilen dei oppgav i 2013 om usunt kosthald, låg fysisk aktivitet og røyking, hadde samanheng med sjukefråvær og låg arbeidsevne fem år etter. Det seier forskar ved Universitetet i Søraust-Noreg, Marit Müller de Bortoli.
PÅVERKAR: Studien viste samanheng mellom usunn livsstil og arbeidsevne og sjukefråvær, fortel forskar Marit Müller De Bortoli.
Jo fleire risikofaktorar, jo høgare var sjansen for redusert arbeidsevne og sjukefråvær, viste studien.
Spesielt røyking viste seg konsekvent å vere knytt til sjukefråvær og redusert arbeidsevne.
– Det er viktig å påpeike at studien baserer seg på observasjonar og kan ikkje konkludere om årsakssamanhengar mellom desse faktorane, seier forskaren.
Ho understrekar at andre viktige faktorar kan vere fysisk og psykososialt arbeidsmiljø, jobbkontroll og motivasjon.