Koronatelefon på somalisk får FHI til å juble

Ein framandspråkleg koronatelefon skal overvinne smitteskam blant minoritetsgrupper.

Sahardid Mohamed Salad

TELEFONTENESTE: Sahardid Mohamed Salad kjem opphavleg frå Somalia og er blant dei som svarer på den nye telefontenesta i Skien.

Foto: Martin Torstveit / NRK

– Det har ringt mykje dei siste dagane, seier Sahardid Mohamed Salad. Han er leiar i organisasjonen Brobygger Telemark.

Dei har opna ei ny telefonteneste i Skien, som blir drifta av frivillige personar. Her kan folk ringe inn og stille spørsmål om koronasmitte på somalisk, arabisk og norsk.

Salad merkar at terskelen for å ringe inn blir lågare når folk kan stille spørsmål på eige morsmål. Han meiner det er viktig, sidan det er mykje skam rundt smitte i mange innvandrarmiljø.

Det er også eit stort behov for ein slik koronatelefon i kommunen.

I Skien bur det over 9000 personar med innvandrarbakgrunn. Det er nesten 17 prosent av befolkninga, noko som er høgare enn gjennomsnittet elles i landet.

Det var også naturleg å starte koronatelefonen på somalisk og arabisk, sidan to av dei største innvandrargruppene i byen kjem frå Somalia og Irak.

Frivillige fagpersonar

Når folk ringer inn til koronatelefonen, treff dei ikkje berre folk med ulik språkkompetanse.

Det er også fagfolk som byter på å ha dei tre vakttelefonane. Alle fagpersonane gjer dette frivillig.

– Me har folk frå blant anna helsevesenet og barnevernet, seier Salad.

Ein av fagfolka er Tore Anton Angeltveit-Svanes. Han er psykiatrisk sjukepleiar i Skien kommune og har jobba med helse og innvandrarar i mange år.

– Dette tilbodet er veldig viktig. Ikkje berre får dei informasjon på morsmål, men dei treng heller ikkje kunne lese for å få informasjon om smittevernreglane, seier Svanes.

Både Salad og Svanes meiner koronatelefonen vil bidra til å få ned smitte, sidan terskelen for å ta kontakt og stille spørsmål blir lågare.

– Tillit er alfa og omega, og folk i det somaliske miljøet har tillit til Salad og Brobygger Telemark, seier Svanes.

Tore Anton Angeltveit-Svanes

TILLIT: Tore Anton Angeltveit-Svanes seier mange innvandrarar ikkje alltid stoler på meldingar frå styresmaktene etter dårlege opplevingar i eige heimland. Difor er det viktig å byggje tillit.

Foto: Martin Torstveit / NRK

Ønsker nasjonalt tilbod

Ragnhild Storstein Spilker er seniorrådgjevar i Folkehelseinstituttet. Ho heiar på prosjektet i Skien, og trur det er unikt i sin form.

Spilker seier at koronatelefonane i Oslo og Bergen tilbyr hjelp på andre språk, men at dei er avhengige av at ein framandspråkleg tilsett tilfeldigvis er på jobb.

– Koronatelefonen i Skien har sett framandspråket meir i system. Det er også unikt at dei har ei tilknyting til Skien kommune gjennom Svanes, seier Spilker.

For så langt finst det ikkje ei nasjonal telefonteneste som spissar seg inn på folk med framande språk. Spilker håper det kjem på sikt, og seier at det er mange organisasjonar og kommunar som har etterlyst ei slik teneste.

Ho fortel at Kunnskapsdepartementet har sett ned eit ekspertutval som ser på korleis ein kan få ned smitte i innvandrarmiljø.

– Der veit eg at det er spelt inn fleire ønske om ei framandspråkleg telefonteneste, seier Spilker.

Ragnhild Storstein Spilker

SPENT: Seniorrådgjevar i FHI Ragnhild Storstein Spilker gler seg til å sjå korleis koronatelefonen i Skien vil fungere framover.

Foto: Ram Gupta