Hopp til innhold

Ny informasjon om flåttvirus – meiner frykta for flått er hausa opp

Forskarane fann berre TBE-viruset i 0,3 prosent av flåtten dei har kontrollert i Noreg. Likevel tilrår forskar at nokon tar vaksinen.

Flått suger blod

Folkehelseinstituttet (FHI) opplever at fleire har blitt redde for flått i det siste.

Foto: Colourbox

– Det er jo maks uflaks, seier Aleksander Fredriksen (33), som er ein av over 70 personar som fekk påvist skogflåttencefalitt i fjor. Sjukdommen er betre kjend som TBE-viruset.

Sommaren 2020 var Fredriksen på skogstur med barna, og blei biten av flått. Kort tid etter blei han alvorleg sjuk og fekk påvist viruset.

Han enda opp på sjukehus i ti dagar.

Aleksander Fredriksen til sak om flått

Aleksander Fredriksen enda på sjukehus etter flåttbit.

Foto: VIGDIS HELLA / NRK

Ny forsking viser no at Fredriksen kan ha vore særs uheldig. Berre 0,3 prosent av flåtten som blei kontrollert i forskingsprosjektet, bar viruset.

– Eg trur det er skapt ei hausa opp stemning rundt flåttborne sjukdommar i media, seier Snorre Stuen. Han er professor og flåttforskar ved NMBU Veterinærhøgskulen på Sandnes.

Større frykt for flått

Forskarane har kontrollert om lag 30.000 flått i prosjektet. Flåtten er kontrollert på 70–80 lokasjonar frå svenskegrensa, langs med kysten, og opp til Brønnøysund.

Der såg dei at flått med TBE-viruset er lokalisert på mindre område i landet. Nokre stader er det høgare førekomst av viruset enn andre.

– Me snakkar om spreidde område på størrelse med ein fotballbane, seier Stuen.

Les også Mysterium for forskerne: Her får ingen det farlige flåttviruset

Gårdsøya, Brønnøy.

Sjukehuset Telemark har laga eitt kart over områda der ein er mest eksponert for viruset.

Kartet visar at områda langs kysten av Vestfold og Telemark er eit episenter for smittetilfelle med TBE-virus. Det har vore ein klar auke sidan 2018. 2021 var eit rekordår. I Agder er det òg mange smittetilfelle. FHI anbefaler vaksine til barn og vaksne som ferdast langs kysten i desse områda og gamle Buskerud fylke.

I andre område av landet er det ikkje meldt om smitta til menneske, men det er påvist TBE-virus hos flått heilt opp til Nordland.

Mange ringar FHI

Folkehelseinstituttet (FHI) har også vore med på å undersøke flåtten. Dei opplever at fleire folk har blitt redde for flått i det siste. Mange har ringt i sommar og spurt om dei bør ta vaksine.

– Når me spør desse folka om dei nokon gong har blitt bitne av flått, så er ofte svaret nei. Du skal ferdast mykje i skogen i utsette område før det er nødvendig med vaksine, seier Arnulf Soleng, som er spesialist på flått i FHI.

Les også Disse tilrådast å ta vaksine

Vaksinasjon ved sjukehuset i Ålesund

Aleksander Fredriksen meiner at ingen skal vere redde for å gå i skogen på grunn av flått, men han understrekar at faren for TBE-viruset ikkje er hausa opp.

– Det er på sin plass å åtvare om faren for dette viruset. Eg har også snakka med mange den siste tida som har fått viruset, seier Fredriksen.

Soleng i FHI seier også at det er vanskeleg å rekne ut eit nøyaktig tal for kor stor del av flåtten i Noreg som ber TBE-viruset. Han seier ein difor må ta talet 0,3 prosent med ei klype salt.

Arnulf Soleng

Arnulf Soleng i FHI.

Foto: FHI

Vaksine

Det er også vanskeleg å talfeste kor stor sjansen er for å bli smitta av TBE-viruset, og kor mange som blir sjuke. Smitten varierer frå område til område.

I områda der det har vore mest smitte på folk, som i Vestfold og Telemark, har talet på flått med TBE vore litt høgare. På det meste har 1,2 prosent av flåtten hatt smitte.

Småbarnsfaren Aleksander Fredriksen tilrår likevel alle å ta vaksinen mot TBE-viruset. Han er og blant dei som meiner vaksinen bør inn i vaksinasjonsprogrammet der smittetrykket er høgt.

– Det gjekk ut over heile familien min da eg blei sjuk. Den tryggleiken du får med vaksine, er verdt prisen.

Les også Vil gjøre dyr vaksine gratis for barn: Astrid (10) måtte legges inn på sykehus

Astrid og mamma Maria Fahlström til sak om TBE-virus

Snorre Stuen er einig i at folk bør ta vaksine, men berre viss dei bur i eitt område der menneske har blitt smitta av TBE-viruset.

– Viss du bur ein stad som ligg langt unna område der det er påvist TBE, så meiner eg du burde vente, seier Stuen.

Flere nyheter fra NRK Vestfold og Telemark