Hopp til innhold

Livet blei øydelagt etter overgrep – no erobrar ho sin eigen seksualitet

Malene Haugland Sørlie blei knekt etter at ho opplevde seksualisert vald. Eit nytt kurs har endra livet hennar.

Malene Haugland Sørlie

SEKSUELL HELSE: Malene Haugland Sørlie får hjelp til å takle traume gjennom eit nytt kurs om seksualitet.

Foto: Martin Torstveit / NRK

– Eg har gått til psykolog i 10 år, men først no har brikkene falt på plass, seier Malene Haugland Sørlie.

Ho har tidlegare opplevd eit seksuelt overgrep. Noko som har sett ho ut av spel i mange år.

Det tok lang tid før ho skjønte kva seinskadar ho faktisk har fått som følgje av den seksualiserte valden. Dei siste åra har vore prega av mange ulike problem, særleg når det kjem til intimitet.

– Det er vanskeleg å vere intim med partnaren min. Eg har kjend på mykje skam, seier Sørlie.

Beate Alstad og Malin Westlund

Beate Alstad og Malin Wästlund har laga eit nytt kurs for kvinner som har opplevd seksualisert vald.

Foto: Martin Torstveit / NRK

Seksualitet i sentrum

Sexolog Beate Alstad og psykoterapeut Malin Wästlund jobbar saman ved Sjukehuset Telemark. Over ein periode fekk dei mange førespurnader frå overgrepsutsette kvinner, som trengde hjelp til å takle traume.

Det aukande behovet gav dei ein ide.

Saman har dei laga eit kurs som skal behandle kvinner som har vore utsett for seksuelle overgrep. Alstad er ekspert på det seksuelle og Wästlund spesialiserer seg på traume.

Målet er at kvinnene skal ta tilbake sin eigen seksualitet. Dette er eit nytt grep innan traumeterapien. Det er nemleg ikkje vanleg å snakke med overgrepsutsette kvinner om sex.

– Mange terapeutar fortel at dei ikkje tør. Dei er redde for at kvinnene skal oppleve trauma på nytt viss ein snakkar om seksualiteten, seier Alstad.

Ifølgje Wästlund syner opplegget deira at det er trygt å snakke med kvinnene om sex. Så lenge kvinnene melder seg på kurset frivillig, og har gått gjennom tidlegare traumeterapi.

Kvinnene som har delteke på kurset, kjem med gode tilbakemeldingar.

Anita Kristine Lindeboom og Malene Haugland Sørlie

– Eg vil at alle kvinner i Noreg skal få hjelp på denne måten, seier Malene Haugland Sørlie.

Jeanette Knedahl

– No tør eg å fortelje folk at eg har blitt utsett for eit seksuelt overgrep, seier Jeanette Knedahl.

Anita Kristine Lindeboom og Malene Haugland Sørlie

– Det er godt å sitje her saman med folk som forstår, seier Anita Kristine Lindeboom.

Stor interesse

Alstad og Wästlund har søkt om økonomisk støtte slik at dei kan gjere kurset tilgjengelege for folk i heile landet.

– Håpet er at me også kan samarbeide med terapeutar i liknande fagfelt, og saman utvikle kurset vidare, seier Wästlund.

Ifølgje Alstad har dei allereie fått fleire førespurnader frå andre helseføretak i Noreg, som vil lære meir om metodane i kurset.

– Du har ikkje god fysisk eller psykisk helse viss du ikkje har god seksuell helse, seier Alstad.

Til no har 30 kvinner delteke på kurset, og fleire skal det bli utover hausten. Resultata har så langt vore gode.

– Eg har blitt ein sterkare person enn eg nokon gong har vore, seier Sørlie.

Flere nyheter fra NRK Vestfold og Telemark