Hopp til innhold

Stadig fleire sender hundane til frisøren – særleg før jul

STATHELLE (NRK): November og desember er høgsesong for hundeklipping. Men det kan vere vanskeleg å få time.

Kvite pelsdottar flagrar ut i lufta og rytmisk klippelyd fyller rommet. Terrieren Miki (6) står tolmodig på benken. Han skal få haustklippen sin.

Det er travle dagar for hundefrisørar over heile landet. Fleire salongar NRK har vore i kontakt med, melder om mange vekers ventetid. Blant dei som har fulle timelister er Julie Enger Haugland (31).

– Det hender det kjem avbestillingar. Så nokon er heldige og får plass før jul, seier ho.

Haugland har jobba som hundefrisør i seks år. Etter nokre år i yrket, starta ho for seg sjølv og opna salong i underetasjen i huset sitt på Stathelle i Telemark.

Kvar dag har ho mellom tre og fem hundar innom som skal vaskast og klippast.

Det er fleire grunnar til at det er travelt akkurat no. Mange opplever at hundane blir ekstra sølete i det våte haustvêret. Og så vil hundeeigarar at dei firbeinte skal ta seg ekstra godt ut til jul.

Hundefrisør Julie Enger Haugland

TERRIER: Miki er ein West highland white terrier, såkalla Westie. Pelsen skal eigentleg trimmast ved napping, men det har Miki takla dårleg. Difor har hundeeigaren bedt om at Miki skal klippast.

Foto: Sindre Thoresen Lønnes / NRK

Eit yrke i vekst

Folk blir meir og meir opptekne av å ha velstelte hundar, erfarer hundefrisørar NRK har vore i kontakt med.

Magne Hay er innehavar av salongen Hundekroken i Horten. Der må ein vente i to veker før det finst ein ledig time.

Magne Hay

POPULÆRT TILBOD: Magne Hay, innehavar av Hundekroken i Horten.

Foto: Privat

– Eg har to hundefrisørar i arbeid kvar dag, så det er mykje å gjere, stadfestar han.

Hos Hundekroken koster det fra 850 kroner for to timers klipp. Prisene varierer fra sted til sted og hva slags type hund det er.

Hay driv òg Noregs Hundefrisørskole som utdannar nye hundefrisørar. Begge kursa for 2021 er snart fulle.

– Å vere hundefrisør er ingen beskytta tittel, mange er sjølvlærte. Men vi ser at det er stor interesse for å gå kurs og lære av nokon som har lang erfaring, seier Hay.

Faste kundar

Julie Enger Haugland tek den siste finpussen på vesle Miki. Då han kom inn i salongen, var han ein real hårball. No kan han sjå klart og den kvite pelsen skin.

Terrieren Miki og matmor

SOM NY: Ingrid Kjær synest det er stas når Miki er nyfrisert.

Foto: Sindre Thoresen Lønnes / NRK

Matmor Ingrid Kjær lyser opp når ho kjem inn døra.

– Det er nesten som å få ein ny hund, smiler ho.

Dei er faste kundar og kjem innom kvar tredje månad. Kjær meiner det er viktig at Miki er velstelt og det er bra for pelsen.

– Eg synest det er fint å overlate jobben til nokon som kan det.

Hundefrisør
Hundefrisør

SKILNAD: Terrieren Miki før og etter haustens klipp.

Foto: Sindre Thoresen Lønnes / NRK

Veterinær: – Pelsstell er viktig

Sjølv om det er kjekt å la ein hundefrisør gjere jobben, er det ingenting i vegen for å klippe hunden heime.

– Eg veit om mange som gjer dette sjølv, seier Johanne Teige Bøe.

Ho er veterinær og dagleg leiar ved Porsgrunn Dyreklinikk, og fortel at det er viktig med godt pelsstell.

Ein må unngå flokar, sand og skit som kan irritere. Det handlar om livskvalitet for hundane.

Kor mykje stell ein hund må ha, kjem an på pelsen. Nokre hunderasar krev jamleg stell, medan andre krev mindre.

– Det er noko ein må tenkje igjennom før ein skaffar seg hund, seier veterinæren.

Ho meiner det er flott at det blir fleire hundefrisørar.

– Det er flott at nokon kan tilby hjelp. Det er ikkje alle som har tid til å klippe og stelle hunden sin sjølv.

Labradoodle Crispo (5) etter klipp
Labradoodle Crispo (5) før klipp

LABRADOODLE: Crispo (5) før og etter klipping hos Skien Hundefrisør AS.

Foto: Sindre Thoresen Lønnes / NRK

Flere nyheter fra NRK Vestfold og Telemark