Hopp til innhold

Norges minste får lov

Norges minste kabelferje får framleis trafikkere over Nisser med ny skipper.

Fjoneferja M/F Nissen

M/F Nisser på veg over Fjonesundet med passasjerar og bilar.

Foto: Nissedal kommune

Ordførar i Nissedal, Halvor Homme, er glad for at kommunen får dispensasjon av Sjøfartsdirektoratet til å tilsette ein ny skipper på Fjoneferja M/F Nissen når noverande skipper, Åshold Sollid sluttar til våren.

– Kabelferja er viktig for kommunen på mange område, spesielt som ein turistattraksjon, seier Homme.

Halvor Homme.

Ordførar i Nissedal, Halvor Homme.

Foto: Berit Heggholmen / NRK

Ordføraren seier at framleis drift på kabelferja over Fjonesundet er viktig for kafeen på Fjonesida.

– Det er mange som tar turen til Nissedal, berre for å kunne ta ein tur med Fjoneferja, seier Homme.

Må ha tryggingskurs

Sjøfartsdirektoratet har gitt Nissedal kommune som skipsreiar dispensasjon for ein del av krava til fritidsskippersertifikat for å føre ferja.

Blant anna så slepp ein ny skipper å ta eit 56 timar kurs i navigasjon for å kunne føre ferja i kabel over Fjonesundet.

– Men det blir stilt krav om helseerklæring og tryggingskurs, seier Steinar Haugberg i Sjøfartsdirektoratet.

Nissedal må også kunne dokumentere at skipsføraren har nødvendig kompetanse, og tar dei andre kursa til fritidsbåtskippersertifikatetet.

Tilsvarande kabelferje

M/F Nissen er 14 tonn og kan frakte tre personbilar. I dei nye krava frå Sjøfartsdirektoretet må også talet på passasjerar reduserast frå 15 til 12 passasjerar.

Det er ein annan dispensasjonssøknad frå ei tilsvarande kabelferje på Nordmøre som fraktar bilar og passasjerar til øya Solskjel som er bakgrunnen for at også Nissedal får dispensasjon.

Den 24 tonn kabelferja M/F Solskjel fekk dispensasjon etter at saka blei avgjort i dåverande Nærings- og handelsdepartementet.

Denne kabelferja fraktar 12 passasjerar og fire personbilar.

Verdt eit besøk

Nissedal kommune reklamerer for Fjoneferja på sine nettsider og skriv at ferja har vore i drift sidan 1947 og fram til dag, med eit opphald i ein periode fyrst på 50-talet.

Kabelferja er dei einaste i sitt slag som er att i Noreg, og som framleis er i nesten dagleg drift på Nisser.

Turen går i kabel, att og fram, over sundet mellom Fjone og Sundsodden i Nissedal. Dette var det einaste vegsambandet for innbyggjarane på Fjone, før vegen til Treungen kom i 1967.

I dag blir ferja også nytta i turistsamanheng. Kvart år blir det frakta mellom 5000–6000 personbilar, i tillegg til passasjerar, syklar, motorsyklar og bussar over den 500 meter lange strekninga mellom vest- og austsida av Nisser.