Lovar folkefest på Skuggenatten under NM

Treungen IL håpar på ein duell mellom Therese Johaug og Heidi Weng under NM i motbakkeløp og lovar folkefest på toppen.

Helge Reinholt og Olav Nilsen, Skuggenatt Opp

Leiar i Treungen IL, Helge Reinholt, og initiativtakar til motbakkeløpet Skuggenatten Opp, Olav Nilsen, skal arrangere NM i motbakkeløp.

Foto: Ragnar Lurås / NRK

Treungen IL vil by på folkefest når klubben skal arrangere NM i motbakkeløp siste helga i mai. Skuggenatten Opp er ein del av noregscupen og har blitt arrangert kvart år sidan 2010.

Det var Olav Nilsen som i 2010 tok initiativet til motbakkeløpet Skuggenatten Opp. Han er stolt av NM arrangementet klubben er blitt tildelt.

– Det er klart det er stas, og i første rekkje ei anerkjenning av det arbeidet som klubben har gjort med arrangementet. Og for ei lita bygd er det stort å arrangere eit Norgesmeisterskap, seier Nilsen.

Les også: Jølstrajente siktar mot høge toppar - vil springe EM i motbakkeløp

Heidi Weng er dronninga

Motbakkeløpet er blitt ein del av norgescupen, men den siste helga i mai blir Treungen IL også arrangør av NM i motbakkeløp.

Heidi Weng med familien er alt påmeldt til Skuggenatten Opp.

– Det er tredje gongen Heidi Weng deltek, og ho er dronninga av Skuggenatten. Ho har løyperekorden og er nok ein dei store favorittane til å ta NM tittelen, seier Nilsen.

Her kan du sjå bildegalleri frå 2014

Håpar på duell med Johaug

– Kven andre skulle de ønske kunne vere med her?

– Vi har jo drøymt litt om Therese Johaug og ein duell med Heidi Weng. Det kan hende det skjer og då vil vi bli glade for det, seier Nilsen.

NM arrangementet er eit stort løft for idrettslaget. Og leiar i Treungen IL Helge Reinholt lovar folkefest den 30. mai.

Han seier at Treungen IL sitt slagord er idrettsglede og folkehelse.

– Det treff bra med dette arrangementet. Trimgruppa er sjølve plattforma i eit kvart motbakkearrangement, sjølv om det kjem eliteløparar som spring opp på under 23 minuttar, seier Reinholt.

Les også: Her løper de i mål 323 meter over havet

Mogleg for folk flest å nå toppen

Slagordet til Skuggenatten Opp er folkefest i heia, og Treungen IL reknar med at det vil vere mellom 500 og 1000 menneske på toppen av Skuggenatten den dagen.

– Trimløparane startar først, og når eliteløparane startar vil det vere masse folk på toppen og skape stor stemning. Og det veit vi er ei ramme som løparane set veldig stor pris på, seier Nilsen.

Han seier at Skuggenatten Opp ikkje er eit for langt motbakkeløp, slik at det er mogleg for folk flest å kome til toppen og ta imot konkurranseløparane.

– Utsikten er eit fantastisk panorama, seier Reinholt.