Hopp til innhold

Dansk loppesuksess har komme til Noreg

Loppesupermarkeder er ein veksande trend i Danmark og Finland. Danske Niels har teke med seg suksessen til Noreg, og opna Det Gule Hus.

Niels Gerner Nielsen

Danske Niels Gerner Nielsen har teke med seg storbytrenden med kommisjonssal av brukte varer til bygda i Telemark.

Foto: Sara Rydland Nærum / NRK

CO₂ i atmosfæren
425,4 ppm
1,5-gradersmålet
+1,13 °C
Les mer  om klima

Sirleg opphengde klede i alle fargar og storleikar så langt auget kan sjå. Rad på rad med hjemmesnekra hyller rommar cocktailglas, lysestakar, lego og LP-er. Og alt mogleg anna.

Det Gule Hus er lyst, ryddig og fullt av overraskingar. Og gir deg litt kjensla av å vere i København.

Det Gule Hus

Det Gule Hus har stort utval av klede til både vaksne og barn. I Danmark har ei eiga kjede med supermarknader for brukte barneklede etablert seg dei siste åra.

Foto: Sara Rydland Nærum / NRK

Leiger ut hyllene

Kvar enkelt av dei 90 hyllene i butikken blir leigd ut på vekes- eller månadsbasis. Dei som leiger, er folk som ønskjer å selje dei brukte tinga sine vidare til nye eigarar.

Seljarane fyller opp hyllene med ting dei vil kvitte seg med, klistrar prislappar på varene – og reiser heim igjen.

Sjølve salet og resten av logistikken er det Niels Gerner Nielsen (29) og hans tilsette som sørgjer for.

Måndag til laurdag strøymer kundane til butikken i Bø i Telemark.

Seljarane tener pengar på ting dei ikkje lenger treng. Niels tener pengar på hylleutleige og kommisjon. Kundane kjem heim med nye, gamle varer – og eit mindre klimaavtrykk enn dersom dei hadde kjøpt nytt.

Niels Gerner Nielsen driver Det gule hus.

Fleire enn 14.000 gjenstandar har skifta eigarar med loppehyllene som mellomstasjon sidan desember i fjor. Det er eigar Niels Gerner Nielsen godt fornøgd med.

Foto: Sara Rydland Nærum / NRK

Stor etterspørsel

Niels merkar stor etterspørsel for å selje og kjøpe gjenbruksvarer.

– Det manglar ikkje kundar, men fleire bedrifter som tør satse på å bruke gjenbrukte varer, meiner han.

Mange kjem langvegesfrå for å fylle opp hyllene i Bø med det gamle gullet sitt.

Niels ramsar opp seljarar frå Oslo, Kongsberg, Egersund, Larvik, Skien, Seljord, Notodden og Lunde.

– Eg er ikkje i tvil om at folk er klare for meir gjenbruk, resirkulering, upcycling og alt det som skal til for å løyse utfordringane i framtida, seier Gerner Nielsen.

I Det gule hus i Bø i Telemark er det innendørs loppemarked hele året.

Skal det vere eit utstoppa fugl? Desse har god oversikt over butikken.

Foto: Sara Rydland Nærum / NRK

Familie på skattejakt

Tord André og Anita Kåven er blant kundane i butikken ein sommardag i juli.

Dei er på campingferie i Bø, og fekk auge på butikken ved eit tilfelle.

– Kult konsept, synest Tord André.

Han er glad i å kjøpe brukt, men kan ikkje hugse å ha sett noko som liknar på Det Gule Hus.

Dagens tur blant loppehyllene gav fangst til heile familien. Treåringen fekk ein brannbil og nye bøker til ferien. Anita kjøpte eit stort Norgesglass. Ein tjukk bunke LP-er blir med heim til platespelaren til familien heime i Haugesund, mødesamt grave fram av Tord André blant hundrevis av plater.

Tord André og Anita Kåven på Det gule hus i Bø i Telemark.

Familien Kåven fann litt av kvart å ta med seg heim til Haugesund.

Foto: Sara Rydland Nærum / NRK

Gjenbruk er framtida

Berekraftsanalytikar i Nordea, Thina Saltvedt, synest idéen bak Det Gule Hus er spennande.

Ho trur absolutt Niels' modell kan vere økonomisk berekraftig, og understrekar at det er ein tendens at folk kjøper meir brukt.

– Viss ein har moglegheit til å selje brukte varer som er i god stand, så trur eg det er kjøpar i andre enden som er villig til å betale for det. Derfor trur eg bedrifter som dette er veldig smarte.

Ho peikar på at fleire av nabolanda våre har halde på med dette ei stund.

– Eg trur gjenbruk er bedriftene i framtida. Det er veldig spennande å sjå at fleire og fleire bedrifter byrjar å få auga opp for dette.

Thina Saltvedt, analytiker i Nordea

Berekraftsanalytikar Thina Saltvedt meiner meir gjenbruk er vegen å gå for bedriftene i framtida.

Foto: Johan Sættem

Draumar om store butikkar

Førebels er Niels Gerner Nielsen i det han kallar pilotfasen av prosjektet sitt i Det Gule Hus.

Men han drøymer om ei framtid der det er like lett å kjøpe brukt som å kjøpe nytt.

– Store butikkar med gjenbruk der alt er tematisert, som ein vanleg supermarknad! At ein kan gå inn i ein butikk og kjøpe til dømes friluftsutstyr eller kjøkkenutstyr som er sorterte og samla.

Niels Gerner Nielsen driver Det gule hus

Mange har tru på økonom, båtbyggar og loppehylleeigar Niels Gerner Nielsen sine berekraftige idear.

Foto: Sara Rydland Nærum / NRK

Flere nyheter fra NRK Vestfold og Telemark