Gamle redningsvestar kan gi falsk tryggleik

Den oppblåsbare redningsvesten løyste seg ikkje ut då Ole Utheim datt i vatnet. Ni av ti droppar den årlege sjekken av tryggingsutstyret.

Ole Utheim

EIN VEKKER: Ole Utheim opplevde at den oppblåsbare redningsvesten ikkje løyste ut då han datt i vatnet. Det vart ein vekkar for han.

Foto: Berit Heggholmen / NRK

Sola skin over båthamna i Kragerø. Her skal båtfolket nyte late dagar på vatnet framover.

Mange tek på seg oppblåsbare redningsvestar og tenkjer at dei er trygge. Men er dei eigentleg det?

– Ein vekkar

Ein som har lært av feila sine er Ole Utheim. Han fekk seg ei ubehageleg overrasking då han ein dag fall mellom brygga og vatnet.

Ole Utheim

OVERRASKA: Utheim var heldigvis ikkje langt unna land då han fall i vatnet.

Foto: Berit Heggholmen / NRK

– Det vart ein vekkar då eg skjønte at redningsvesten ikkje fungerte, seier han til NRK.

Heldigvis kom han seg opp på eiga hand. Etter den våte opplevinga samla han saman alle vestane i båten for å kontrollere dei.

Det viste seg at gasspatronane var for gamle på fleire av dei.

Tilrår årlege kontrollar

Sidan den gong har Utheim vore nøye med å kontrollere vestane sine kvart år. Det er det ikkje alle som er.

Undersøkingar viser at ni av ti ikkje tek den årlege sjekken av dei oppblåsbare vestane sine. Kontrollen kan vere heilt avgjerande om uhellet er ute.

Informasjonssjef i Redningsselskapet, Frode Pedersen, åtvarar mot at ein vest som ikkje er sjekka kan gi falsk tryggleik. Han minner om at det er viktig å sjekke vesten før bruk.

– Det er dessverre alt for mange vestar i bruk som har gått ut på dato eller som kan ha vorte defekt som følgje av dårleg lagring og vedlikehald, seier Pedersen.

Tilbyr gratis sjekk

Kvart år arrangerer Redningsselskapet «Sjekk vesten-veka» der dei tilbyr gratis sjekk av redningsvestar.

I år har veka vorte arrangert digitalt for å ta vare på smittevernet. Gjennom sosiale medium har Redningsselskapet gitt tips, råd og informasjon om vestar og vestsjekk.

Oppblåsbare vestar er blant dei mest populære her til lands. For at dei skal fungere i ein nødssituasjon må alt vere i orden.

Her er sjekklista for deg som vil kontrollere vesten sjølv: