Hopp til innhold

Niåring stengt inne i snøhole av brøytebil

Ei ni år gamal jente blei stengt inne av snø etter at ho leika i ei snøhole i brøytekanten då ein brøytebil kom og fylte igjen opninga.

Snøhaug i Skien

Det var i denne snøhaugen i dette bustadområdet i Skien at ei ni år gamal jente leika i ei snøhole då brøytebilen kom og brøyta igjen inngangen.

Foto: Tom Ole Buaas / NRK

Jenta leika i ei snøhole i ein brøytekant i Skien tysdag ettermiddag og samstundes kom det ein brøytebil og fylte igjen opninga med snø.

Ulykka skjedde i eit roleg bustadområde med lite trafikk.

– Vi fekk melding om hendinga av foreldra i 23-tida tysdag kveld. Men dette skal ha skjedd i 16-tida om ettermiddagen, seier operasjonsleiar Vidar Aaltvedt ved Sør-Øst politidistrikt i Telemark.

Vidar Aaltvedt

Operasjonsleiar Vidar Aaltvedt åtvarar mot å lage snøholer i brøytekanten når det blir brøyta.

Foto: Lars Tore Endresen / NRK

Så langt politiet har kjennskap til var det ingen som såg hendinga, men den vesle jenta blei sakna av sine foreldre.

– Dei fatta raskt fatta mistanke om at ho kunne vere inne i snøhola ho hadde laga i vegkanten, seier Aaltvedt.

Les også: Mor: – Tøff oppleving å bli grave inne i ei snøhole

Leita i brøytekanten etter jenta

Foreldra har opplyst til politiet at det tok om lag 30 minutt før jenta blei graven fram frå snøhola.

– Så langt politiet veit er ikkje jenta alvorleg skada. Ho var sjølvsagt veldig forskrekka etter det som hadde skjedd, seier Aaltvedt.

Politiet fekk melding om hendinga fleire timar etter at det hadde skjedd og har ikkje detaljkunnskapar om dette.

Politiet åtvarar mot å leike i brøytekantar og på plassar der brøytebilar tippar snø.

– Folk må vere medvitne på at det å lage snøholer i brøytekantar der det blir brøyta kan vere farleg, seier Aaltvedt.

Har ikkje snakka med sjåføren

Det kom veldig mykje våt snø i Skien tysdag og brøytemannskapet jobba på spreng med å fjerne snøen.

Operasjonsleiar Vidar Aaltvedt seier at politiet ikkje veit om det er ein brøytebil eller ei anna maskin som har rydda snøen i gata der jenta leika i snøhola.

– Vi har ikkje snakka med sjåføren som brøyta i området der ulykka skjedde og veit heller ikkje kven det var som brøyta i området, seier Aaltvedt.

Politiet har førebels vurdert ulykka som eit uhell som ingen kan få skulda for.

Flere nyheter fra NRK Vestfold og Telemark