Hopp til innhold

Nederlendarar i Noreg for å lage klimadokumentar

Finst det moglegheiter for framtidige generasjonar frå Nederland i Noreg? Det er det sentrale spørsmålet Nicolaas Veul stiller i ein ny dokumentarfilm.

Nicolaas Veul

BLIR KJENT MED NOREG: Dokumentarfilmskapar Nicolaas Veul.

Foto: © VPRO

CO₂ i atmosfæren
425,4 ppm
1,5-gradersmålet
+1,13 °C
Les mer  om klima

Veul jobbar i NPO, Nederlands svar på NRK.

Som ein del av arbeidet med ein dokumentarfilm om klimaendringar, har han gjesta Noreg for å snakke med både nordmenn og nederlendarar som har flytta nordover.

Med eit skråblikk ser han på alt frå smalahove til korleis ein uttaler norske ord korrekt.

Fra filmen om Norge kan passe for nederlendere i fremtiden, av Nicolaas Veul.

Nicolaas Veul vil finne ut om Noreg kan bli redninga for hans landsmenn i framtida. Med humoristisk tilnærming ser han blant anna nærmare på retten smalahove.

Foto: © VPRO

Han opererer med eit høgt tal på moglege framtidige klimamigrantar som utgangspunkt for filmen sin.

Kan Noreg huse 3 millionar nederlendarar på rømmen frå klimaendringane i framtida? Det undrar journalist i den nederlandske rikskringkastinga Nicolaas Veul seg på.

Ein ting er han uansett overtydd om.

– Vi manglar ein plan B, seier dokumentarfilmskaparen entusiastisk, framfor rådhuset i Skien.

Spår dystre framtidsutsikter

Og sjølv om filmen han lagar er meint å vere litt uhøgtideleg i forma, så er problemstillinga djupt alvorleg, understrekar han.

Filmen han no lagar skal vere startskotet for «Climate Action Week» på Nederlandsk TV i slutten av oktober.

Dokumentarfilmskaparen har alt besøkt fleire stader i Europa, som allereie er ramma av flaum, eller som står i fare for å bli det.

Trass i åtvaringar frå mange forskarar om at ein stor del av landet hans står i fare for å bli påverka av det stigande havnivået, blir det gjort lite for å førebu folk på kva ein kan ha i vente, meiner Veul.

Dokumentarfilmskapar Nicolaas Veul intervju både nordmenn og nederlendarar som allereie har flytta hit om ei mogleg klimaflukt i framtida.

JAKTAR SVAR: Dokumentarfilmskapar Nicolaas Veul intervjuar både nordmenn og nederlendarar som allereie har flytta til Telemark om ein mogleg klimaflukt i framtida.

Foto: Martin Torstveit / NRK

Meiner havet vil stige raskare

FNs klimapanel sin (IPSS) sjette hovudrapport konkluderer med at havet vil halde fram med å stige dei neste 2000 åra.

Kor mykje avheng av kor godt ein lukkast med å avgrense oppvarminga. Ved ei gjennomsnittleg temperaturauke på 1,5°C eller 2°C er det anslått at havet stig med høvesvis 2–3 eller 2–6 meter, skriv Miljødirektoratet.

På bakgrunn av dette baserer Veul tala sine på at det er cirka 8,4 millionar menneske som bor i «Randstad», ein tett befolka del vest i Nederland. Om havnivået stig til 2, eller til og med 5 meter, vil deler av dette området måtte givast opp. Anslagsvis vil 1/3 av landet ikkje lenger vere til å bu i, ifølgje Veul.

– Absolutt mogleg

Simon Richter er professor i tyske og nederlandske studium ved University of Pennsylvania i Philadelphia. Han forskar på kulturelle aspekt ved klimatilpassing, spesielt i Nederland og Tyskland, men også USA og Indonesia.

Han deler Veul si bekymring, og har laga fleire animasjonsfilmar på YouTube som illustrerer utfordringane.

– Det er absolutt mogleg at det nederlandske vassforsvarssystemet vil tape kampen mot eit stigande havnivå i dette hundreåret eller tidleg i neste, seier han til NRK.

– Vi kan ikkje halde stand mot havet for alltid, seier Veul.

Han opplever at mange av hans landsmenn har ei naiv tru på at alt kjem til å gå bra.

– Forskarane våre seier at det slett ikkje er sikkert, poengterer han.

Han valde Telemark som eigna stad for å lage film i Noreg.

– Vi treng gode venner i nærleiken. Noreg er gode naboar, og mange nederlendarar bur her allereie.

– Høyrest veldig høgt ut

Halvard Buhaug er forskar ved Institutt for fredsforsking (PRIO) og professor i statsvitskap ved NTNU.

Han har lita tru på talet 3 millionar som filmskaparen opererer med, og tviler på at Noreg kjem til å måtte ta imot mange klimamigrantar frå Nederland i framtida.

Halvard Buhaug

Halvard Buhaug, forskar ved Institutt for fredsforsking (PRIO) og professor i statsvitskap ved NTNU.

Foto: PRIO

– Det høyrest veldig høgt ut. Eg trur det i tilfelle er mange andre land ein burde vere merksam på, seier han.

Buhaug meiner Nederland er eit døme på eit land som faktisk har ressursane som skal til for å halde stand.

– Nederland er jo av mange sett på som eitt av dei landa som trass alt har visjonar, vilje og ressursar som trengst for å kunne stå imot dei utfordringane som kjem med klimaendringane.

KAN Noreg BLI NEDERLANDS TRYGGE HAMN?: Dokumentarfilmskapar Nicolaas Veul frå Nederland i samtale med Skiens ordførar Hedda Foss Five.

KAN NOREG BLI NEDERLAND SI TRYGGE HAMN?: Dokumentarfilmskapar Nicolaas Veul frå Nederland i samtale med Skiens ordførar Hedda Foss Five.

Foto: Martin Torstveit / NRK

Blir ønskt velkommen

Ordførar i Skien, Hedda Foss Five (A), var ein av dei som tok imot dokumentarfilmskaparen.

Ho ønskjer Veul sine landsmenn velkommen til Telemark i framtida.

– Eg synest det er positivt. Sjølv om bakteppet er dystert, seier ho.

Atle Aastad blei intervjua av Veul på gata i Skien.

Nicolaas Veul og Atle Aastad.

Atle Aastad intervjuas av dokumentarfilmskapar Nicolas Veul. 

Foto: Martin Thorstveit / NRK

Han er klar over at vatnet vil stige, men har ikkje tenkt på Nederland som ein stad folk må migrere frå. Han ønsker dei uansett velkommen.

– Nederland er vi jo godt kjent med frå skøyter og anna. Det hadde nok blitt ein god match, smiler han.