Hopp til innhold

NAV betaler for frisk luft

– Me veit at mange som har ramla ut av arbeidslivet treng eit lite puff, forklarer prosjektleiar Rolf Langnes.

Ut på tur i all slags vær

Turgruppa til Telemark turistforeining er ute i all slags vær.

Foto: Anne Lognvik / NRK

Eit unikt samarbeid mellom NAV og Telemark Turistforening skal få fleire ut på tur, slik at dei kanskje også kjem tilbake i arbeid.

I 2003 lanserte dåverande helseminister Dagfinn Høybråten uttrykket «Grønn resept». Det handlar rett og slett om at fysisk aktivitet skal brukast i behandling av blant anna livsstilssjukdomar.

No tek Nav og turistforeininga dette eit steg vidare ved ei forpliktande samarbeidsavtale. Folk som av ulike grunnar, anten fysiske eller psykiske, har falle utanom arbeidslivet, skal hjelpast gjennom eit turtilbod i nærmiljøet.

– Vi har store utfordringar, og må gå nye vegar for å hjelpe dei som har blive passive seier direktør i NAV Telemark Terje Tønnesen.

NAV og turistforeinginga skriv under avtale

NAV og TT samarbeider om helseprosjekt.

Betre enn medisin

Arbeidssøkjar Egil Eide fortel at det å gå tur er både medisin og ein livsstil.

– Eg er veldig glad i naturen, så det er midt i blinken for meg.

Eide meiner turkulturen me har i Noreg er viktig og vel verdt å ta vare på. Sjølv er han no godt i gang med eit kurs for å bli turleiar.

– Lykkast me med å få nokon ut, ser me ein stor gevinst, legg prosjektleiar Rolf Langnes til.

Dei ulike NAV-kontora skal no rekruttere folk til å vera med på friluftsaktivitetar som turistforeininga set i gang. Det overordna målet er at folk, om mogleg, skal koma seg ut att i arbeid, og få ein betre livskvalitet.

– Koma seg ut, treffe folk

Det er noko av målet med dette prosjektet og samarbeidsavtala seier NAV direktør Tønnesen.

Dagleg leiar i Telemark Turistforening Jon Atle Holmberg seier at dei opphavleg starta med turgrupper for folk som sit heime på dagtid, og som synest det er for tøft å koma seg ut på eiga hand. Etter kvart dukka det opp arbeidsledige som gjekk på NAV støtte.

– Vi såg at det å få desse folka med oss, og gje dei positiv arbeidstrening gjennom til dømes å vera turleiarar, kan vera veldig positivt legg Holmberg til.

Ingenting bør vera uprøva

Det er fyrste gonga ei slik avtale blir underskriven her i landet, og heile prosjektet er så nytt at det er vanskeleg å sei kva slags resultat det kan få. Det å leie turgrupper kan vera eit av fleire opplæringstilbod.

– Me har så store utfordringar når det gjeld folk som fell utanfor arbeidslivet, at ingenting bør vera uprøva meiner NAV direktøren som sjølv var ein svært aktiv idrettsmann som ung. Dette prosjektet har dei fått til i samarbeid med folkehelseprosjektet til Telemark fylkeskommune.

Flere nyheter fra NRK Vestfold og Telemark