Det såg lenge mørkt ut da det tok til å brenne i målingsfabrikken til Jotun i Sandefjord. Det brann kraftig i fabrikken, og folk kunne sjå røyken fleire kilometer unna.
Alle tilsette og busette i området blei evakuert.
Det brann kraftig i fabrikken til Jotun i Sandefjord i går. Foto: Scanpix Video: Ragnar Henriksen
Tore Schrøder var blant naboane som blei evakuert. Han måtte i dag skure verandaen sin for sot.
I utgangspunktet er han godt nøgd med naboskapet til fabrikken, men han er kritisk etter brannen i går.
– Me undrar oss over at det ikkje var noko skumanlegg som stoppa brannen frå å utvikle seg. Korleis kan slikt skje i 2021?
Jotun meiner det er for tidleg å slå fast at brannen skuldast ein teknisk svikt.
– Openbert skjedde det noko i går som ikkje skulle skjedd, seier teknisk direktør Jan Helge Eriksen i Jotun.
Brannsjef i Sandefjord Anne-Sofie Heum stadfestar til NRK at skumsystemet til fabrikken ikkje var løyst ut da brannvesenet kom til fabrikken for å sløkkje brannen.
– Anlegget kunne sannsynlegvis teke ned intensiteten i brannen viss det hadde løyst seg ut tidleg nok, seier Heum.
Jan Helge Eriksen er teknisk direktør i Jotun.
Foto: Robert Hansen / NRKGransking av brann
Jotun skal no granske hendinga, og finne ut kva som skjedde da det tok til å brenne. I tillegg vil Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap (DSB) føre tilsyn ved fabrikken.
– Eg er trygg på at me har hatt gode rutinar. Men me må granske dette nærmare, seier Eriksen.
Det tok til å brenne i ein energisentral i fabrikken. Eriksen peiker på at dei har følgt alle vedlikehaldsrutinane til det tekniske utstyret i sentralen.
Det er brannvesenet som har ansvaret for å føre tilsyn ved Jotun sin fabrikk i Sandefjord. Da sjekkar dei blant anna at det automatiske sløkkjeanlegget funkar.
Ein kunne sjå røyken frå alle kantar av byen. Dette bilete er teke Mokollen.
Foto: Håkon Eliassen / NRKBrannvesenet har ikkje hatt tilsyn hos Jotun sidan 2017. Planen var å gjennomføre eit nytt tilsyn seinare i år. Brannvesenet vurderar sjølv kor ofte dei fører tilsyn.
Sjølv om det tok til å brenne i går utan at skumanlegget blei løyst ut vil ikkje brannsjefen ta sjølvkritikk.
– Det er lett å vere etterpåklok etter ein slik brann. Me må sjølvsagt vurdere risikoen på nytt no. Men at me ikkje har kontrollert Jotun mellom 2017 og 2021 er ikkje nødvendigvis ei feilvurdering, seier Heum.
Anne-Sofie Heum er brannsjef i Sandefjord kommune
Nye tilsyn
Ingen blei skadd i brannen, og politiet mistenker ikkje at det har skjedd noko kriminelt.
DSB vil starte tilsynet sitt ved fabrikken i morgon.
– Me skal først på ei synfaring ved fabrikken. Så vil me snakke med dei tilsette og krevje dokumentasjon som viser at fabrikken har hatt god beredskap, seier Brit Skadberg i DSB som skal leie tilsynet av Jotun.
Jotun ønsker DSB velkommen og den tekniske direktøren er spent på kva tilsynet vil vise.
Ifølgje DSB kan det ta mange veker før tilsynsrapporten er ferdig.
Slik ser Jotunfabrikken ut dagen brannen.
Foto: Robert Hansen / NRK