Hopp til innhold

Mykje stengt i fjellet

Storm og uvêr har ført til fleire tusen timar med stengt veg og kolonnekøyring på fjellovergangane denne vinteren.

Riksvei sju er stengt på grunn av villrein.

Riksveg 7 over Hardangervidda har blant anna blitt stengt på grunn av villrein i området denne vinteren.

Foto: Gunnar Grimstveit / NRK

Dei ti viktigaste fjellovergangane har vore stengt i 2.300 timar fordelt på kortare og lengre periodar så langt i vinter. I tillegg blei trafikantane følgt i kolonner 2.537 timar

Det viser tal frå Vegdirektoratet for dei 10 viktigaste fjellovergangane på riksvegnettet.

Ivar Christiansen, Vegdirektoratet

Avdelingsingeniør Ivar Christiansen.

Foto: Hilde Nilsson Ridola / NRK

– Hovudårsakene er vêrforhold med store utfordringar for brøytemannskapa, seier avdelingsdirektør Ivar Christiansen i Statens vegvesen Vegdirektoratet.

Han seier at ei anna forklaring på stengt veg og kolonnekøyring er at det blir gjort nødvendig vedlikehald på vegane eller i tunnelane.

Les også: Kolonnekjøring over fjellet

Haukeli og Hardangervidda

E 134 over Haukelifjell og riksveg 7 over Hardangervidda er blant dei mest vinterstengde hovudvegane.

Vegdirektoratet har registrert uvanleg mykje stengt veg på E134 over Haukelifjell denne vinteren. Så langt har vegen vore stengt i 977 timer mot 210 timar for heile fjorårsvinteren.

Av dei ti fjellovergangane peikar også riksveg 7 over Hardangervidda seg ut som ein utsett fjellovergang med 920 timer med stengt veg førre vinter og 593 timer denne vinteren.

Her kan du lese Vegdirektoratet sin statistikk for ti fjellovergangar.

Avdelingsdirektør Kjell Solheim i Statens vegvesen om E134 og vinterstengt veg og kolonnekjøring.

Avdelingsdirektør Kjell Solheim meiner tida med stengt veg på E134 kan bli redusert kraftig dersom det blir gjort investeringar. Foto: Ragnar Lurås

Stengt på grunn av tunnelarbeid

Avdelingsdirektør ved Statens vegvesen i Telemark, Kjell Solheim, meiner at uvêr berre har skulda for ein femtedel av tida med stengt veg på E134. Han meiner mesteparten av tida handlar om vedlikehaldsarbeid i tunnelane.

– Våre tal viser om lag to hundre timar med stengt veg på grunn av uvêr i vinter, seier Solheim.

Tal frå Vegtrafikksentralen region Sør viser at E134 har vore stengt i 201 timar denne vinteren frå november til og med februar på grunn av uvêr. Mens det har vore kolonnekøyring i 323 timar.

Vegtrafikksentralen for region Vest har ikkje registrert avvik i tala til Vegdirektoratet for riksveg 7 over Hardangervidda, riksveg 52 over Hemsedal og E16 over Filefjell.

Les også: Uvær i fjellet

Dei mest driftssikre vegane

Vegdirektoratet meiner Dovrefjell, Hatter og Hemsedal er dei mest driftssikre fjellovergangane dei fem siste åra sett under eitt.

Men også på desse strekningane møter bilistane stengde vegar og kolonnekøyring mange gonger i løpet av vinteren.

Tala frå Vegdirektorat viser at riksveg 52 over Hemsedal har vore stengt i 60 timar denne vinteren. Mens E6 over Dovrefjell har vore stengt i 78 timar.