Hopp til innhold

Møter vekter i døra på NAV

Brukarar av NAV i Skien reagerer på at dei er nøydd til å ta omsyn til ein uniformert vekter når dei kjem inn i lokalet.

Jennie Johnsen på NAV Skien blir møtt av vekter

Jennie Johnsen reagerer på at vektarar er det første in NAV-brukar møter i døra på NAV kontoret i Skien.

Foto: Åsmund Brøvig / NRK

Dei meiner det er uryddig at vektaren opptrer både som tryggingsvakt og kundebehandlar.

NAV kontoret i Skien er eit av Norges størte NAV-kontor, med fleire hundre meldingar dagleg.

Les også:

Blir gale for meg

Det siste året har ein tryggingsvakt, vore den første som møter deg når du kjem til etaten.

Jennie Johnsen ved NAV i Skien

Jennie Johnsen meiner vektarane bør halde seg i bakgrunnen.

Foto: Åsmund Brøvig / NRK

– Det blir veldig gale for meg dette her. Menneske kjem inn her i alle moglege situasjonar. Og gjerne sårbare situasjonar, og så er det første du møter eit uniformert menneske, seier NAV-bruker Jennie Johnsen i Skien.

Ho aksepterer at vektarane må vere der om ting går gale.

– Men det er ikkje dei som skal møte menneska som treng hjelp frå det offentlege, seier Johnsen.

Ho meiner ingen hadde akseptert det om det same hadde skjedd i ein klesbutikk, og det første du møtte var ein vekter som spurte om kva slag bukser du leitar etter.

– Det er ingen som hadde akseptert det, seier Johnsen.

Tek i mot papir

Vakta skal sikre tilsette mot vald og aggresjon frå brukarar. Men burde han ikkje da halde seg i bakgrunnen og berre konsentrere seg om tryggleiken.

Per Stokstad i NAV i Skien

Per Stokstad trur ordninga held fram.

Foto: Åsmund Brøvig / NRK

– Jo. Det kan ein sikkert seie. Og det var også slik vi starta med vektarar, seier NAV-leiar i Skien, Per Stokstad.

Men så fekk NAV i Skien nokon innspel på korleis kundebehandlinga kunne bli betre. Og difor er det no tryggingsvakta som tek no imot papir når NAV-kundane kjem inn i lokala.

– Dei tar imot papir, og ikkje noko anna enn det, seier Stokstad.

Vil ha ordninga bort

NAV seier dei kjem til å evaluere ordninga ved årsskiftet, men meiner det fungerer så bra at dei sannsynlegvis kjem til å fortsette med det.

Men Jennie Johnsen seier at ho gjerne vil bidra med det ho kan for at ordninga skal forsvinne.

– Så alvorleg er denne saka, at det vil eg ha slutt på. Ikkje berre ein debatt, seier Johnsen.

Flere nyheter fra NRK Vestfold og Telemark