Hopp til innhold

Mista ti foster – håpar fleire kan få hjelp med nytt tilbod

For Janett Rogn Falkevik er det fire år og ti spontanabortar for seint. No håpar ho nye vedtak vil spare andre for det ho sjølv måtte gå gjennom.

Mathias Rogn Falkevik, Fillip August og Janett Rogn Falkevik

Janett Rogn Falkevik gjekk gjennom ti spontanabortar før vesle Filip August kom til verda. Ho brukte hundrevis av timar på å leite etter hjelp og god oppfølging.

Foto: Håkon Eliassen / NRK

12. juni vedtok regjeringa at kvinner som opplever spontanabort skal få tilbod om oppfølging frå helsepersonell.

Det kan bli ei klar forbetring frå det mange i dag opplever som tilfeldig og manglande praksis.

Men kva slags oppfølging kvinnene kan få tilbod om, er førebels i det blå.

Spent på kva det betyr

Janett Rogn Falkevik er blant dei som har følgt nøye med på arbeidet som er gjort i Stortinget den siste tida.

For eitt år sidan fekk ho og mannen ein etterlengta liten gut. Det var ein lang og tung veg. Janett hadde da vore gravid og mista ti gonger.

Ho er ei av fleire kvinner som tidlegare i år fortalde om sine opplevingar av å stå aleine og utan hjelp etter å ha gått gjennom ein eller fleire spontanabortar.

– Eg blei kjempeglad for vedtaket, samtidig som eg er veldig spent. Kva er det dei tenker at dei skal tilby familiar som går gjennom slike opplevingar?

Skal bestemme kva tilbodet går ut på

Det er Helse- og omsorgsdepartementet som no skal bestemme kva kvinner som opplever spontanabort konkret skal få tilbod om.

Falkevik meiner det er viktig at oppfølginga som blir tilbydd, dekker det psykiske og kjensler som er knytt til erfaringane. Men at det i seg sjølv ikkje er nok.

– Eg meiner at eit oppfølgingstilbod må bestå av meir enn å tilby at ein kan ringe til nokon viss ein trenger nokon å prate med.

Ho meiner den fysiske oppfølginga også er viktig.

– Kva slags hjelp kjem du til å få i det du går inn i eit nytt svangerskap? Det er det viktig å snakke om.

Historiene bør takast med

Tuva Moflag (Ap) var saksordførar da saka blei behandla i Stortinget.

Ho meiner det er viktig at dei som no får jobben med å sette tilbodet ut i praksis, lyttar til Falkevik og andre med relevante erfaringar.

– Eg håper at alle dei historiene som har kome fram i media, blir tatt med i dette arbeidet.

Stortingsrepresentanten håpar tilbodet om oppfølging no blir sett ut i praksis så raskt som mogleg.

Stortingsrepresentant Tuva Moflag (Ap)

Stortingsrepresentant Tuva Moflag sit i helse- og omsorgskomiteen, og var saksordførar i behandlinga av forslaget om tilbod om oppfølging etter spontanabort. Innstillinga blei samrøystes vedtatt.

Foto: Victoria Wilden / NRK

Trur brukarrepresentantar er viktig

Falkevik trur oppfølging av kvinner som har gått gjennom spontanabort kan bli svært mykje betre i framtida med det nye vedtaket.

Men om det faktisk blir det, meiner ho avheng av kven som skal bestemme korleis det skal praktiserast.

Ho ser for seg ei blanding av fagpersonar og brukarrepresentantar.

– Viss det er både menneske som har opplevd spontanabort, og fagpersonar som har god kunnskap og har jobba tett med feltet, da trur eg det kan bli veldig, veldig mykje betre.

– Må få eit reelt val

Jordmorforbundet NSF seier dei gjerne bidrar i eit slikt arbeid. Leiar Hanne Charlotte Schjelderup meiner tilbodet i dag er tilfeldig, og ikkje sett i system.

Vi har for mange historier frå kvinner som har ønskt oppfølging etter spontanabort og ikkje fått det.

Leder i Jordmorforbundet NSF Hanne Charlotte Schjelderup på sykehuset i Sandnessjøen

Leiar i Jordmorforeininga NSF, Hanne Charlotte Schjelderup, er glad for det nye vedtaket. Ho har høyrt mange historier frå kvinner som ikkje har fått oppfølging når dei har hatt behov for det.

Foto: Ole-Christian Olsen / NRK

Ho meiner kvinner som ønsker det, må kunne velje å få oppfølging hos helsepersonell med god kompetanse på fødselshjelp og gynekologi, for eksempel jordmortenesta eller Amathea.

Da må det setjast av ressursar til fleire jordmødrer i kommunane.

Dette er eit felt jordmødrer må få kapasitet til å tilby i kommunal praksis. Kvinner spør etter dette, og det vil gje eit heilskapleg tilbod for gravide.

Janett Rogn Falkevik vil fortsette å følge med på korleis det nye vedtaket etter kvart skal setjast ut i praksis. Og da handlar det om meir enn berre byråkratiske prosessar.

Dette er ei verd som er like mykje kjensler som fysikk, og det er viktig å klare å sjå heile biletet.

Statssekretær i Helse- og omsorgsdepartementet, Anne Grethe Erlandsen, seier at dei vil følgje opp Stortingets vedtak. Dei har førebels ikkje tatt stilling til korleis dette skal løysast.

– Spontanabort er ei stor belastning for mange kvinner. Det er viktig at kvinna får nok informasjon og at ho veit kvar ho skal vende seg for nødvendig oppfølging, legg Erlandsen til.