Hopp til innhold

Millionstøtte til anlegg på Rjukan

Aker Horizons Asset Development (AAD), hydrogenselskapet til Aker Horizons, får inntil 135 millionar kroner i tilskot og lån frå Innovasjon Noreg til å utvikle eit storskala produksjonsanlegg for grønt hydrogen på Rjukan.

Anlegget som skal etablerast på Rjukan er forventa å føre til auka sysselsetjing og mogleg tilvekst av nye bebuarar i Tinn.

– Produksjonsanlegget vil bidra til at Rjukan kan styrkjast kraftig som ein viktig industrilokasjon i Noreg, seier kommunal- og distriktsminister Sigbjørn Gjelsvik.

Anlegget på Rjukan slik det vil se ut
Foto: Illustrasjon: Aker Horizons Asset Development